> Utsyn / Leder / Eit herleg mål



Eit herleg mål

Kvar går vegen for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i dag? Korleis vil dei mange endringane i samfunn og kristenliv i landet påverke vegval, strategi og arbeidsgreinene? For vi arbeider i ein  annan kultur enn berre for få ti-år sidan, der også NLM har endra seg. Alt som lever er i endring. Vil NLM vere ein brukbar reiskap i Guds hand, må vi spørje oss kvar går vegen i dag?  

Eller kva vil eigentleg NLM? Ein kan spørje når ein ser den store breidda i aktivitetar under NLM-paraplyen: Barnehagar, forskjellige skuleslag, gjenbruksbutikkar, diverse media-arbeid, forlag, leirstadar, nærmiljøsenter, barne- og ungdomsarbeid, misjonsforeiningar, misjonslag, bibelgrupper, forsamlingar, fleirkulturelt arbeid, trussamfunn, bistand og misjon internasjonalt. Kva er retninga og målet?

 

Sårbar. Ein stor 125 år gamal organisasjon med så mange og store aktivitetar kan vere sårbar. Blir aktivitet eit mål i seg sjølv, kan ein gløyme kva som er målet. Å drive ei så stor verksemd er krevjande og forpliktar, og det kan krevje  så mykje energi at ein ikkje maktar nødvendig fornying. Om ein ikkje maktar nødvendige endringar, er ein i ein svært sårbar situasjon.    

Drivkrafta til dei som starta NLM, var kunnskapen om dei mange, mange kinesarane som døydde utan å vite om redninga. Ein kunne ikkje tillate seg å vere ein kristen utan å gjere noko for dei som ikkje visste om Han som frelser frå fortapinga. Dei kjende både gleda og alvoret i «den vesle bibel» (Joh  3,16): «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

Målet med det frivillige arbeidet dei starta, var å gi kinesarane frelsa i Jesus.  Å dele nåden som gir evig framtid og håp! Dei fekk same visjonen som Gud openberra for apostelen Johannes: «Ein stor skare som ingen kunne telja, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite kjortlar og med palmegreiner i hendene» (Op. 7,9). Det var målet!

 

Guds plan. NLM vart til for å vere med i Guds store plan. I kraft av Den heilage ande og på Guds løfte, har den spede byrjinga for 125 år sidan vakse til mange aktivitetar.  Sjølv om mykje endrar seg rundt oss, er både Guds Ord og plan den same. Og Han som vil at alle menneske skal blir frelst, kallar også deg og meg til å vere med i vår tid til eit herleg mål! 

Så kvar går vegen? Vi må be om Guds leiing. Vi må be om mot og vere dristige. Vi må be om fornying! Vi må også våge å spørje om aktivitetane fremjar målet. Og snart – ein dag – samlast ein skare som ingen kan telje …


Terje Tvedt, blant annet professor i geografi, har lenge fremmet sterk kritikk av norske myndigheters støtte til bistandsprosjekter i regi av norsk misjon. I 2004 stod han bak TV2s kritiske dokumentar «Statsmisjonærene». Tvedt mener at siden kristen misjon først og fremst vil at mennesker skal bli kristne, betyr statlig støtte til misjonsorganisasjoners bistandsprosjekter at den norske stat finansierer ren misjonsvirksomhet.

I 2005 utga Jo Nesbø, Norges desidert mest leste krimforfatter, krimromanen Frelseren. I begynnelsen av boken blir ei ung jente voldtatt på en leir i regi av Frelsesarmeen. Til flere medier uttalte Nesbø at ekstra mange overgrep foregår i lukkede, kristne miljøer. Samme påstand, lagt i munnen på en psykolog, dukker opp i romanen.

I 126 år har NLM vært noe mer enn «bare» en misjonsorganisasjon. Selv om kallet til de minst nådde har stått helt sentralt, har det omfattende arbeidet i Norge hatt en selvstendig verdi. Det har aldri vært slik at denne virksomheten bare er blitt sett på som bare et slags innsamlingsredskap eller et mobiliseringsredskap.

Utsyn på Facebook

Stor-Kina

I mange år opplevde kristne i Kina forfølgelse, og det kan fortsatt være krevende å følge Jesus i dag.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Jak 1:26 Den som mener at han dyrker Gud, og ikke holder sin tunge i tømme, men bedrar sitt eget hjerte, hans gudsdyrkelse er forgjeves.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.