> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / – Godt å ha dåp der vi høyrer til
Per Ove Aarseth <paarsethSPAMFILTER@nlm.no>
15. januar 2012
– Vi er glade for at vi fekk bere Ingrid Elise til dåpen i ein samanheng som vi kjenner oss knytte til og trygge på, seier foreldra til eit av dei 500 borna som er døypte i NLM-forsamlingar dei ti siste åra.
Ingrid Elise Volle vart døypt i Misjonssalen i Ålesund sist haust. Foreldra hennar – Halldis Bjerkvik Volle og Odd Sverre Volle – opplevde ei trygg og god ramme rundt den heilage handlinga.
– Vi er glade for at vi fekk bere barnet vårt til dåpen i ein samanheng som vi kjenner oss knytte til og trygge på, også når det gjeld ivaretaking og opplæring vidare, seier dei.
Ekteparet Volle budde i Kristiansand fram til sist sommar. Dei gjekk då i Misjonshuset, som er Misjonssambandet si forsamling der i byen. Attende på Sunnmøre fann dei det naturleg å velje forsamlinga til Misjonssambandet i Ålesund då Ingrid Elise skulle døypast.
Sidan Misjonssambandet formelt opna for dåp i forsamlingane sine i 2001, er det døypt over 500 born. – Omfanget syner at det var behov for denne ordninga, seier Ernst Jan Halsne, leiar for NLM Norge.
Misjonssambandet sitt hovudkontor har laga ei sentral oversikt over alle som er døypte i organisasjonen sine lag og forsamlingar her i landet.
– Overraskar det deg at antall døypte har passert 500?
– Litt overraska er eg. Omfanget syner at det var behov for denne ordninga. Mange foreldre nyttar høvet til å døype borna sine i forsamlinga der dei hører heime.
Les meir i Utsyn nr. 1 2012
BILETET: – Vi sette stor pris på å få å ha dåpen i Misjonssalen, seier Halldis Bjerkvik Volle og Odd Sverre Volle, i midten saman med vesle Ingrid Elise og forsamlingsleiar Øystein Engås. Fadrar var Eyvind Volle og Ingunn Bjerkvik (til venstre) og Gunvor Aarseth Dirdal og Kristian Dirdal, med Johanna (til høgre). Foto: privat.