> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Jøssang seier nei til attval



Jøssang seier nei til attval

Foto: Bård Bøe

Hovudstyreformann Lars Gaute Jøssang har sagt nei til ein ny treårsperiode. Til Dagen viser han til at han ikkje er ung lenger, og at landskapet er annleis enn det har vore.

– Det er lenge sidan Lars Gaute Jøssang sa i frå om dette til valkomiteen, opplyser Endre Stene til Utsyn. Stene er leiar i Norsk Luthersk Misjonssambandet (NLM) sin valkomité fram mot GF 2018. Han legg til at valkomiteen forstår at Jøssang kan ynskje avløysing etter ei årrekkje i hovudstyret. Han har vore formann i tre periodar, sidan 2009.

I oppslaget i Dagen 12. januar gjev Lars Gaute Jøssang uttrykk for at eit formannsskifte vil vere sunt.

– Eg opplever at eg har gjort mitt, seier han, og viser til at han ikkje er heilt ung lenger. Jøssang peikar også på at landskapet NLM har framføre seg no, er noko annleis enn det har vore før.

  

– Kyrkjeleggjerande fase

Når Dagen spør kva han siktar til, svarar Jøssang at organisasjonen er inne i ein kyrkjeleggjerande fase med vekt på forsamlingsbygging. Han seier at han ikkje har noko imot utviklinga, men viser til at bakgrunnen hans ligg i tradisjonelt bedehus- og foreiningsarbeid.

Det Jøssang kjenner mest på etter åra som hovudstyreformann i NLM, er takksemd. Særleg framhevar han truskapen til misjonsfolket. Han minner også om kallet til å gå ut til dei som er minst nådde av evangeliet. Lars Gaute Jøssang er professor i samfunnsfag ved NLA Høgskolen Bergen.

  

– Ta tida på kornet

– Kva tankar gjer du deg om det Jøssang seier om at landskap er annleis enn det har vore, Endre Stene?

– Eg kan ikkje gå inn på arbeidet i valkomiteen, men kan stadfeste at både den kyrkjelege situasjonen og samfunnstilhøva rundt oss er i endring. Det er viktig at hovudstyret kan tida på kornet og finne vegen vidare, på same tid som røtene må vere festa i NLM si historie og NLM sine verdiar.

  

Stene legg til at det trengs ulike nådegåver og ulik kompetanse i hovudstyret. Det er bruk for økonomisk innsikt, driftserfaring, personalpolitisk erfaring – og ikkje minst trengs det innsikt i teologi og misjon.

Til slutt røper Endre Stene at valkomiteen snart er i mål med arbeidet sitt. Men litt står enno att, og det er ikkje for seint å kome med innspel.

 

GF 2018 skal arrangerast på Oslofjord Convention Center i Vestfold 3.–8. juli.  


Generalforsamlingen (GF) er viktige for NLM! Det er vårt øverste organ der de viktige beslutningene fattes, og det er et stevne som mange opplever at gir inspirasjon og fornyelse av kallet. Årets GF bekrefter det. Jeg har sjelden fått så mange begeistrede tilbakemeldinger som etter GF-uken i begynnelsen av juli.

Mange har påstått at en klassisk bedehusforkynnelse har vært så fokusert på den andre trosartikkel – altså budskapet om frelse – at den første trosartikkels ord om Gud som skaper har blitt oversett. Konsekvensen er, sies det gjerne, at forkynnelsen bare understreker menneskets syndighet og tier om at vi er skapt i Guds bilde.

Nylig var jeg på en internasjonal kristen konferanse hvor en tysker etter noen få minutter spurte: «Men hva slags lutheraner er du? Her i Tyskland pleier de å være veldig liberale». Hva er da et godt svar?

Utsyn på Facebook

Sør-Amerika

I Sør-Amerika arbeider NLM i Peru og Bolivia. Selv om de fleste i disse landene kaller seg katolikker, er troslivet sterkt preget av folketro og fedredyrking. De færreste kjenner Jesus som frelser.

Les mer | Bli fast giver

Today's Quote

1Kor 12:26 Om ett lem lider, da lider alle lemmene med. Og om ett lem blir hedret, da gleder alle lemmene seg med.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.