> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Johannes Redse regionleiar i NLM Utland



Johannes Redse regionleiar i NLM Utland

Hovudstyret i Misjonssambandet har tilsett Johannes Redse (55) som regionleiar i NLM Utland. Han får Mongolia, KF-Kina og Sentral-Asia som ansvarsfelt.
 

Johannes Redse er no rektor på Gå Ut Senteret i Hurdal, som vert drive av Normisjon. Han vart tilsett ved senteret i 2001 og har vore rektor sidan desember 2006. Redse har studert fire år ved Fjellhaug Misjonsskole samt tatt lingvistikk og sosialantropologi. I tillegg har han fagdelen av ein mastergrad i teologi. Han var misjonær i Elfenbeinskysten frå 1984 til 1998 og jobba for NLM Noreg i perioden 1998–2001.
  
På spørsmål om kvifor han valde å seie ja til ei stilling som regionleiar i NLM Utland svarar han: – Det er nok mange ting som til saman har ført til eit positivt svar, men skal eg peike på noko av det som kanskje har vege tyngst, så er det dette at eg kjem endå litt tettare inn på aktivt misjonsarbeid.
  
Johannes Redse er gift med Grete Aambø Redse og paret har fire vaksne born. Han tiltrer si nye stilling 1. august.
 


Dagens bibelsitat

Sal 41:4 Herren skal støtte ham på sykesengen. Du forvandler hele hans leie under hans sykdom.

Sitat på SMS

Meld deg på

Del