> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Ny dagleg leiar for Radio nordvest



Ny dagleg leiar for Radio nordvest

Lene Værnes Landro.

Lene Værnes Landro vert ny dagleg leiar for Radio nordvest i Ålesund. Ho overtek etter Hilmar Sæther, som har vert pensjonist frå 30. april.

Namnet på den nye daglege leiaren for Radio nordvest, Norsk Luthersk Misjonssamband sin lokalradio i Ålesund, vart gjort kjent på føremiddagssendinga fredag 27. april. Lene Værnes Landro sa at ho er veldig spent, men full av forventning.

– No går eg på vatnet, sa ho.

Værnes Landro fekk gode ord og oppmuntring både frå regionleiar Jon Ove Holen og frå forgjengaren sin. Til dei som lytta på sendinga, sa Hilmar Sæther:

– Ta vel imot henne, slik de også tok godt imot meg.

Lene Værnes Landro er gift med Eivind Landro og har tre born. Familien bur i Langevåg på Sula. Ho skal ta til i den nye oppgåva i august.

      

Når veldig langt

Hilmar Sæther har vore dagleg leiar for Radio nordvest i vel 15 år.

– Då eg kom til radioen, gjekk eg frå stålplater til cd-plater, humrar han.

Sæther hadde vore tynnplatearbeidar på ein mekanisk verkstad, hadde drive med sveising og liknande. Det var derfor ein nokså stor overgang for han.

– Men no kan eg sjå tilbake på 15 år som har vore veldig meiningsfulle, seier han.

– Kva har gjort arbeidet interessant?

– Kristne lokalradioprogram når veldig langt. Eg har igjen og igjen blitt overraska over at mange som eg tenkte var lite interesserte, har fortalt at dei høyrer meg på radioen.

   

– Vert viktig framover

Sæther meiner den kristne lokalradioen vert viktig framover.

– NRK sin overgang frå FM til DAB gjer at det no er nye som lyttar på oss, for dei gamle radioane er framleis einerådande i ein stor del av bilparken. I tillegg kan folk høyre Radio nordvest på DAB, Internett og som podkast.

Hilmar Sæther vedgår at det stundom har vore utfordrande å henge med i den tekniske utviklinga. Men han har fått god hjelp, så det har gått bra.

Som pensjonist reknar han med å få meir tid til båten sin, både til turar og til å fiske litt. Kanskje får han også hjelpe til på Radio nordvest av og til.

  


Generalforsamlingen (GF) er viktige for NLM! Det er vårt øverste organ der de viktige beslutningene fattes, og det er et stevne som mange opplever at gir inspirasjon og fornyelse av kallet. Årets GF bekrefter det. Jeg har sjelden fått så mange begeistrede tilbakemeldinger som etter GF-uken i begynnelsen av juli.

Mange har påstått at en klassisk bedehusforkynnelse har vært så fokusert på den andre trosartikkel – altså budskapet om frelse – at den første trosartikkels ord om Gud som skaper har blitt oversett. Konsekvensen er, sies det gjerne, at forkynnelsen bare understreker menneskets syndighet og tier om at vi er skapt i Guds bilde.

Nylig var jeg på en internasjonal kristen konferanse hvor en tysker etter noen få minutter spurte: «Men hva slags lutheraner er du? Her i Tyskland pleier de å være veldig liberale». Hva er da et godt svar?

Utsyn på Facebook

Øst-Afrika

I Øst-Afrika vil NLM gi mennesker både rent drikkevann og levende vann i Jesus.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Sal 119:105 Ditt ord er en lykt for min fot og et lys på min sti.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.