> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Pinsedagsbøn for minst nådde



Pinsedagsbøn for minst nådde

Illustrasjonsfoto: Norea Mediemisjon/SAT-7  

– Misjonsoppdraget er enno ikkje fullført, så ein bønedag for dei folkegruppene som er minst nådde, er veldig viktig, seier leiar for NLM utland Hjalmar Bø. – Aktuelt materiell er no tilgjengeleg, opplyser informasjonsrådgjevar Elise Haugland.  

Forbøn for dei minst nådde stod òg i sentrum då Misjonssambandet og Norea la opp til tilsvarande forbønsmarkeringar i fjor. No oppmodar dei foreiningar og forsamlingar om å gjere det same ein gong til, 1. pinsedag 2017.

– Då vi snakka om dette for eit år sidan, oppdaga vi at eit nettverk i USA hadde gjort noko som tilsvara det vi tenkte på. Vi tok kontakt, og dei helsa oss velkomne til samarbeid, fortel Bø. Han vonar fleire både her i landet og internasjonalt vil gå inn for denne bønedagen.

 

Mobilisering

Misjonsarbeid som rettar seg mot dei minst nådde, går ofte føre seg i sensitive område, så informasjon kan vere vanskeleg. Men informasjonsrådgjevar Elise Haugland fortel at den som går inn på nlm.no, vil finne ein PowerPoint-presentasjon om temaet og ein del bøneemne. I tillegg er der ein aktuell kortfilm med tittelen «Til alle folkeslag».

– Det er altfor mange som enno ikkje har høyrt evangeliet om Jesus, så eg vonar verkeleg at 1. pinsedag vil bli ein dag som skaper mobilisering, seier Haugland, og legg til at dette bøneemnet er aktuelt året rundt. 


Rett før påske fortalte en rekke medier at presten Eskil Skjeldal har mistet troen på Gud. Skjeldal har en teologisk doktorgrad og har profilert seg med kronikker og artikler i ulike aviser.

Den som tror at samlivsdebatten i Den norske kirke nå kan avsluttes fordi likekjønnede par kan gifte seg, tar nok feil. Nå er debatten i gang om hvorvidt prester kan være samboere. Fra en side sett, er det på høy tid. En slik samlivsform er langt mer utbredt enn samliv mellom to menn eller to kvinner. Dermed krever det stor bevissthet å velge bort samboerskapet.

Kvar går vegen for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i dag? Korleis vil dei mange endringane i samfunn og kristenliv i landet påverke vegval, strategi og arbeidsgreinene? For vi arbeider i ein  annan kultur enn berre for få ti-år sidan, der også NLM har endra seg. Alt som lever er i endring. Vil NLM vere ein brukbar reiskap i Guds hand, må vi spørje oss kvar går vegen i dag?  

Utsyn på Facebook

Øst-Afrika

NLM samarbeider tett med nasjonale kirker i Øst-Afrika, driver teologisk utdanning og bistand - og satser for å nå en av verdens minst nådde folkeslag med evangeliet.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Kol 1:27 For dem ville Gud kunngjøre hvor rik på herlighet dette mysteriet er blant hedningefolkene, det er: Kristus i dere, håpet om herlighet.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.