> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Sagrusten og Kårbø til GF 2018



Sagrusten og Kårbø til GF 2018

Hans Johan Sagrusten og Ingvald André Kårbø skal halde bibeltimar på NLM si generalforsamling i juli 2018. (Pressefoto)

Hans Johan Sagrusten og Ingvald André Kårbø skal halde bibeltimar på GF 2018. Leiar NLM Norge Kåre Johan Lid opplyser at temaet for generalforsamlinga vert «Nærmere». 

– Det var veldig fint å få dette spørsmålet. Eg arbeider i Bibelselskapet, men er aktiv i Misjonssambandet som frivillig, seier Hans Johan Sagrusten. Saman med påtroppande rektor Ingvald André Kårbø ved Fjellheim bibelskole i Tromsø skal Sagrusten vere bibeltimehaldar ved GF 2018.

Hovudstyret i NLM har nyleg vedteke at temaet for neste års GF vert «Nærmere», og temaet vil kome til å prege dei daglege bibeltimane.

 

– Stort spørsmål

– Var det vanskeleg å svare ja då dette oppdraget kom?

– Eg opplevde det som eit stort spørsmål, og eg måtte tenkje meg godt om før eg sa ja, vedgår Ingvald André Kårbø.

Han reknar med at Sagrusten og han kjem til å ha ein del kontakt med kvarandre under førebuinga.

– Men spent er eg, seier Kårbø, som legg til at bøna hans er at bibeltimane må vere med og drage tilhøyrarane inn i Guds nærleik.

– Gud er Gud, og vi treng å kome tilbake til hans Ord, slik at vi kan leve i sanninga, understrekar Kårbø.

 

– Vil kjenne meg heime

Sagrusten peikar på at det er tre år mellom kvar generalforsamling, og at dette er eit viktig arrangement for NLM.

– Ynsket mitt er derfor å få gjere dette på beste måten. Men eg er ikkje nervøs, for eg veit at eg vil kjenne meg heime, og at vi skal samlast om Guds ord og om det å vere nær han, understrekar han. 

 

– Gud lengtar

Om temaet «Nærmere» opplyser leiar NLM Norge Kåre Johan Lid at noko av siktemålet er at dei som er med på GF 2018, skal kunne reise heim med ei erfaring av evangeliet som godt nytt – og med tillit til Guds nærvær i kvardagen.

– Vi har tenkt på tre moment i dette. For det fyrste at vi er skapte til å vere nær Gud. For det andre at Gud lengtar etter fellesskap med oss, og har sendt Sonen sin for å gjere opp for syndene våre. Og for det tredje at vi er pilegrimar som kjem nærare og nærare det målet Jesus kallar oss til, forklarer Lid. Han legg til at også det å kome nærare menneska rundt oss, dei Gud har sendt oss til, er ei side ved temaet.

 

Nye datoar

Tidlegare er det vedteke at GF 2018 skal haldast på Oslofjord Convention Center (OCC) i Vestfold siste veka i juni og avsluttast 1. juli. Men tida er nyleg endra. GF 2018 vil bli arrangert på OCC 3.–8. juli.


Den som tror at samlivsdebatten i Den norske kirke nå kan avsluttes fordi likekjønnede par kan gifte seg, tar nok feil. Nå er debatten i gang om hvorvidt prester kan være samboere. Fra en side sett, er det på høy tid. En slik samlivsform er langt mer utbredt enn samliv mellom to menn eller to kvinner. Dermed krever det stor bevissthet å velge bort samboerskapet.

Kvar går vegen for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i dag? Korleis vil dei mange endringane i samfunn og kristenliv i landet påverke vegval, strategi og arbeidsgreinene? For vi arbeider i ein  annan kultur enn berre for få ti-år sidan, der også NLM har endra seg. Alt som lever er i endring. Vil NLM vere ein brukbar reiskap i Guds hand, må vi spørje oss kvar går vegen i dag?  

«Man finner budskap i NT som strider mot hva vi mener er rett ut fra både menneskerettigheter og ut fra vanlig etikk», sa Anders Martinsen til Vårt Land 7/2. Og for en gangs skyld er ikke temaet homofili eller sex. Martinsen anklager Bibelselskapets nye oversettelse for å pynte på problematiske tekster ved for ofte å skrive «tjener» istedenfor «slave».

Utsyn på Facebook

Sør-Amerika

NLM driver et stort familieprosjekt i Peru, i tillegg til et bredt evangelisk arbeid i både Peru og Bolivia.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Joh 6:63 Det er Ånden som gjør levende, kjødet gagner ikke noe. De ordene jeg har talt til dere, er ånd og er liv.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.