> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Sandnes vann Vipps-foredrag



Sandnes vann Vipps-foredrag

Espen Ottosen trekkjer vinnaren i Vipps-aksjonen saman med aksjonsleiar Grete Haukelid. (Foto: Bård Bøe)

Misjonssalen i Sandnes vann eit foredrag av Espen Ottosen i NLMs Vipps-aksjon sist søndag.

– Det er vel fyrste gongen eg er premie i ein konkurranse, sa Espen Ottosen med eit smil då han seinare i veka trekte namnet til Misjonsalen i Sandnes opp av hatten.

 

Velje tema

Aksjonsleiar Grete Haukelid fortel at alle forsamlingar og foreiningar som deltok i aksjonen, uavhengig av kor mykje dei samla inn,  var med i trekkinga. –  Vinnaren er underretta og no er det opptil leiinga i Sandnes og Espen Ottosen å finne eit høveleg tidspunkt og tema for foredraget, seier Haukelid.

 

Haukelid fortel at målet med denne Vipps-aksjonen var å få fleire foreiningar og forsamlingar til leggje til rette for at møtedeltakarene kan gje med Vipps. – Då kan dei som ikkje har kontantar òg støtta arbeidet, seier ho.

 

Sponsa av bank

I NLM har no rundt hundre foreiningar, forsamlingar og leirstader tatt i bruk Vipps, og om lag halvparten av dei var med i aksjonen søndag 7. mai. Rundt 220 000 kroner vart samla inn og aksjonen vart sponsa av Sparebanken sør med 10 000 kroner.

– Vi er nøgd med aksjonen, særleg med det store engasjement det skapte, og at mange fekk augo opp for denne forma for kollekt. Til aksjonen var det tretti misjonsfellesskap som oppretta ein slik salsstad, fortel ho.

 

Større kollektar

Både før og under aksjonen er det døme på at størrelsen på kollektane auka betrakteleg som fylgje av Vipps. I Misjonssalen i Ålesund kjem det inn rundt 5000 kroner via Vipps ein vanleg søndag, men aksjonsdagen vart dette auka til heile 76 000 kroner. – Vi hadde eit stort trøkk på dette og oppmoda møtedeltakarene til å finne fram konkurranseinstiktet, seier forsamlingsleiar Andreas Bakke.

 

Misjonssalen i Oslo hadde òg solid auke i Vipps-kollekt denne dagen. På ein vanleg søndag kjem det inn rundt 20 000 i kollekt der om lag 5000 kjem via i Vipps. Men 7. mai kom det inn 33 588 berre på Vipps. 


Terje Tvedt, blant annet professor i geografi, har lenge fremmet sterk kritikk av norske myndigheters støtte til bistandsprosjekter i regi av norsk misjon. I 2004 stod han bak TV2s kritiske dokumentar «Statsmisjonærene». Tvedt mener at siden kristen misjon først og fremst vil at mennesker skal bli kristne, betyr statlig støtte til misjonsorganisasjoners bistandsprosjekter at den norske stat finansierer ren misjonsvirksomhet.

I 2005 utga Jo Nesbø, Norges desidert mest leste krimforfatter, krimromanen Frelseren. I begynnelsen av boken blir ei ung jente voldtatt på en leir i regi av Frelsesarmeen. Til flere medier uttalte Nesbø at ekstra mange overgrep foregår i lukkede, kristne miljøer. Samme påstand, lagt i munnen på en psykolog, dukker opp i romanen.

I 126 år har NLM vært noe mer enn «bare» en misjonsorganisasjon. Selv om kallet til de minst nådde har stått helt sentralt, har det omfattende arbeidet i Norge hatt en selvstendig verdi. Det har aldri vært slik at denne virksomheten bare er blitt sett på som bare et slags innsamlingsredskap eller et mobiliseringsredskap.

Utsyn på Facebook

Stor-Kina

I mange år opplevde kristne i Kina forfølgelse, og det kan fortsatt være krevende å følge Jesus i dag.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Jak 1:26 Den som mener at han dyrker Gud, og ikke holder sin tunge i tømme, men bedrar sitt eget hjerte, hans gudsdyrkelse er forgjeves.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.