> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / To tusen til påskeleirar



To tusen til påskeleirar

Det er bålbrenning og kos kvar dag når det er påskeleir på Jakobsbakken i Nordland. (Foto: Øivind Kringstad) 

Nærare to tusen er venta til påskeleirane i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). I fjor var deltakartalet om lag 1800. Mange av desse leirane vert ikkje arrangerte i sjølve påska, men i vekene før.

Påskeopplegget på Misjonssambandet sine leirstader femner alt frå familiearrangement til barne- og ungdomsleirar. Det klart største tilbodet har Region sørvest, med 16 leirar frå slutten av februar til midten av april.

– Vi tek utgangspunkt i påskeevangeliet også på leirane før påske, presiserer leirkonsulenten i Region sørvest, Olaug S. Gundersen.

– Påskeevangeliet er indrefileten i bodskapen vår. Mange vedgår at dei treng å høyre skikkeleg igjennom både historiene rundt påska og sjølve innhaldet i dei. Kanskje er det sjeldan ein får roe seg for dette elles i året, seier Øivind Kringstad i Region nord. 

– Leirar som set påskeevangeliet i sentrum, er viktige fordi borna – og vi alle – treng å høyre det og lære meir om Jesus, understrekar Irene Sandberg Sæther i Region Midt-Norge.  

 

Sein påske    

– Kan sein påske verke positivt på leiroppslutninga i år?

– På nokre leirstader er deltakinga høgare dei åra påska er sein, svarar leirkonsulent André H. Solberg i Region øst.

I Region sørvest derimot er erfaringa at sein påske fører til mindre snø i fjellet, og difor til lågare påmelding til ein familieleir på Tonstadli misjonssenter. Generelt er dei sju NLM-regionane samde om at sein eller tidleg påske har heller lite å seie for oppslutninga.

 

God planlegging

– Vi er opptekne av å skape god trivsel på alle arrangementa våre, seier Brit Kari Urdal i Region sør. Ho svarar på eit spørsmål om trivseltiltak og nemner også påskeverkstad og påskevandring som stikkord.

Region nordvest sin ungleiar, Geir Henning Tunheim, er samd i at det er viktig med påskeverkstader og påskevandringar.

– Og dei må vere godt planlagde, poengterer han.

André H. Solberg understrekar at det gjeld å sjå og inkludere alle som kjem.

– Å ha mange frivillige leiarar som ser deltakarane og vil at dei skal bli kjende med Jesus, gjev grunn til takksemd og glede, seier han.

– På familieleirane opplever folk at det er kjekt å vere i lag. Dei kombinerer det sosiale med skigåing og møte, seier Kirsten Grøteig i Region vest.

Region Midt-Norge har eit populært tilbod på Laberget leirsted:

– Aktivitetsløypa«Apejungel» slår an i ulike aldersgrupper, fortel Irene Sandberg Sæther.

 

Historia sitt vendepunkt

Dei fleste av regionane i Misjonssambandet har ei lita handfull med arrangement som vert rekna som påskeleirar. Med 16 påskeleirar og opp mot tusen deltakarar stiller Region sørvest i ei klasse for seg. Alle dei andre regionane til saman når knapt opp i det halve. Motivasjonen framfor påskeleirane er likevel den same landet over:

– Jesus Kristus er det største vendepunktet i historia, og han er like relevant i dag som før, seier Geir Henning Tunheim.

– Det er stort å få fortelje at Jesus døydde for alle, og at alle kan få forlating for syndene sine, understrekar Olaug S. Gundersen.

Nokre av påskeleirane er fullteikna, andre har ledige plassar. For meir informasjon, sjå regionane sine heimesider.


Nesten halvveis inn 2017 har jeg lyst til å rette en stor takk til alle misjonsvenner som blant annet gjennom sin givertjeneste bidro til at NLM enda et år kunne være med og utbre Guds rike i Norge og i utlandet. Når regnskapet i tillegg kunne gjøres opp med et resultat som viser at det i fjor ble brukt omtrent like mye penger som kom inn, var det ekstra gledelig.

Bør kristne støtte jødenes rett til å omskjære sine guttebarn?

Rett før påske fortalte en rekke medier at presten Eskil Skjeldal har mistet troen på Gud. Skjeldal har en teologisk doktorgrad og har profilert seg med kronikker og artikler i ulike aviser.

Utsyn på Facebook

Etiopia

I Etiopia arbeider NLM for å redusere barne- og mødredødelighet og utruste lokalsamfunn som er sårbare i tørkeperioder. Vi satser også for å nå unådde folkegrupper med evangeliet.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Rom 10:12 Her er ikke forskjell på jøde og greker. Alle har de samme Herre, som er rik nok for alle som påkaller ham.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.