> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Tradisjonsrik klubbasar



Tradisjonsrik klubbasar

Trekkinga går effektivt, og dei som skal ut med gevinstar, er lette på foten.

Det kom inn 50 500 kroner til arbeidet i Norsk Luthersk Misjonssamband då MAX-klubben på Bryne arrangerte basar på Saron bedehus sist laurdag.

For MAX-klubben, som held til i bedehuskjellaren og har samling kvar tysdag, er basaren ei årleg storhending. Til møta i klubben kjem det som oftast rundt 25 jenter og gutar, og i periodar har frammøtet vore endå høgare. 

– Vi som leier dette arbeidet, er gamle, men foreldra til borna hjelper oss og seier at vi ikkje må slutte, smiler Alvin Aarbakke (82).

Basaren vart opna med klubbsongen «Ingen er så trygg i fare». Så fekk forsamlinga lytte til song og musikk av Thea Østvoll, Anne Østvoll og Oline Høye Hetland, før Kari Synnøve Nord-Varhaug heldt andakt. Nord-Varhaug fortalde om dramatikken rundt Paulus og Silas då dei kom til Filippi og forkynte evangeliet (Apostelgjerningane kapittel 16).

 

Lastebilar og fuglebrett

Loddsalet gjekk raskt og effektivt, og snart vart det trekking. Med seg heim fekk vinnarane alt frå lastebilar og serveringsbrett til fuglekasser og flygeender. Svært mykje var laga av halvfabrikata frå Trestokken Hobby, av medlemene i MAX-klubben.

– Det kostar litt å kjøpe dette inn, men det går greitt, for vi får Frifondsmidler, forklarer Alvin Årbakke. Han legg til at både jenter og gutar er glade i å pusse, lime og setje ting i saman. 

 

– Iver inspirerer

MAX-klubben på Bryne kom gong i 1930-åra, men krigen gjorde at det var opphald nokre år. Opplegget har vore nokon lunde det same i lang, lang tid: hobbyarbeid, litt song og andakt.  

– Vona vår er at yngre lagsleiarar snart vil overta ansvaret. Det som inspirerer er å sjå iveren til deltakarane og å høyre oppmuntringa frå foreldra deira, seier Alvin Aarbakke.


Nesten halvveis inn 2017 har jeg lyst til å rette en stor takk til alle misjonsvenner som blant annet gjennom sin givertjeneste bidro til at NLM enda et år kunne være med og utbre Guds rike i Norge og i utlandet. Når regnskapet i tillegg kunne gjøres opp med et resultat som viser at det i fjor ble brukt omtrent like mye penger som kom inn, var det ekstra gledelig.

Bør kristne støtte jødenes rett til å omskjære sine guttebarn?

Rett før påske fortalte en rekke medier at presten Eskil Skjeldal har mistet troen på Gud. Skjeldal har en teologisk doktorgrad og har profilert seg med kronikker og artikler i ulike aviser.

Utsyn på Facebook

Etiopia

I Etiopia arbeider NLM for å redusere barne- og mødredødelighet og utruste lokalsamfunn som er sårbare i tørkeperioder. Vi satser også for å nå unådde folkegrupper med evangeliet.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Ord 20:22 Si ikke: Jeg vil gjengjelde med ondt! Vent på Herren, og han skal frelse deg!

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.