> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / – Viktig å vere Guds påminnarar



– Viktig å vere Guds påminnarar

Misjonær Wenche Lunde på tur med sykkeldrosje i Juliaca i Peru. (Foto: Kirsten Marie Dagsland)

Via ein ukjent mann i Øvre Årdal fekk studenten Wenche Lunde i 1974 ei påminning frå Gud som gjorde at ho valde å bli misjonær.

– Det er viktig at vi torer å vere påminnarar for Gud, og seie i frå til andre kva vi har vorte minte om å seie vidare, seier Wenche Lunde no.

 

Misjonær?

Ho byrja først å tenkja på å bli misjonær under ein skuletur for Norsk Lærarakademi (NLA) i Bergen der ho tok kristendom som fag.

– Eg var med ei lita gruppe til Øvre Årdal i Sogn hausten 1974. Ein kveld var vi heime hjå ein familie på kvelds, og der vart eg spurt av mannen i huset, Erling Klungset, om eg ville vera med opp i andre etasjen og besøkja ei sjuk dame, fortel Wenche.

Rektor frå NLA var med i gruppa og Wenche tykte nok det hadde passa betre at han besøkte henne, men ho vart no med. Og det vart eit underleg besøk.

– I forbifarten såg vi bilde av to misjonærar som hang på veggen. Dei spurte om det ikkje var slik at eg òg skulle bli misjonær. Eg berre lo det vekk, seier ho.

Men då dei kom ned og skulle ete, bad mannen ei bordbøn: «Gud, eg tykte du minte meg om at eg skulle spørja ho Wenche Lunde om ho ikkje skulle bli misjonær», sa han. «No har eg gjort det, kan du velsigna maten for oss i kveld».

– Der og då fall det som lyn i frå klar himmel ned i meg. Eg kom ikkje vekk frå det spørsmålet resten av det studieåret. Og eg ser alltid tilbake på den kvelden der i Øvre Årdal som noko veldig avgjerande for livsvegen min. Det var «ei heilag stund» om eg skal vera litt høgtideleg, seier misjonæren.

 

Danninga

Wenche Lunde er fødd og oppvaksen i bygda Østhusvik på Rennesøy utanfor Stavanger i Rogaland. Mora kom frå Rennesøy, medan faren kom frå naboøya Åmøy. Ho har hatt leilegheit i Stavanger i mange år, men har nyleg kjøpt seg hus på Vestre Åmøy i Rennesøy kommune. Der kjenner ho at ho har komme heim.

Lærarutdanning tok ho ved Stavanger Lærarskule frå 1974. Det var kjempeflotte studieår. Seinare tok ho kristendom ved NLA i Bergen og Nordisk språk og litteratur ved det som då var Høgskulen i Rogaland, no universitetet. Før ho reiste til Peru i 1977, hadde ho òg gått på misjonsskulen på Fjellhaug eit år.

– Eg har hatt veldig god nytte av lærarutdanninga seinare i livet, sjølv om eg ikkje vart lærar i den norske skulen. Mange ting som gjeld når du skal formidle i skulen, gjeld og anna formidling, seier ho.

Wenche har arbeidd som lærar ved den norske skulen i Peru i 1,5 år og to gongar når ho har vore på heimeopphald, har ho vore lærar ved Drottningborg vidaregåande skule i Grimstad.

 

Peru-åra

– I Peru har eg drive mykje med undervisning, både på bibelskulen og i ute i forsamlingar, i bibelgrupper og kvinnegrupper. Eg har undervist søndagskulelærarar, skrive undervisningsopplegg og elles delteke i forkynningsarbeid, fortel Wenche.

I 1997 kom ho heim til Norge og etterpå har ho reist som forkynnar for NLM Norge, med unntak av kortare turar til Peru. Siste gongen i Peru var frå 2013 til 2014.

– Eg tenkte aldri under oppveksten at eg skulle bli misjonær, sjølv om eg tok eit bevisst val at eg ville vera ein kristen som 12-åring under ei vekking med Arne Aano. Yngresleiaren min spurte meg om eg hadde tenkt meg til himmelen. «Jesus er vegen dit» sa han. «Ja, då vil eg tru på han» sa eg. «For dit vil eg».

 

Sakn

Rogalendingen har hatt mange flotte år i Sør-Amerika. Ho fekk vera med å starta opp arbeidet i Peru i lag med flotte og brennande medarbeidarar mellom andre Mette og Kjell Jaren, Solveig Bjørneberg Castro og Edel Nordby. Ho tykte det var utruleg spennande å få vera med og starta opp på eit nytt kontinent for Misjonssambandet (NLM) i 1977.

– Eg likte å få læra nye språk, møte ny kultur og levesett og bli vener med nye menneske med ein annan bakgrunn enn meg, både norske og peruanske. Det har berika livet mitt og forma meg som menneske, seier Wenche.

Men ho fortel at ho sakna familien sin då ho var ute.

– Det var annleis då enn i dag med telefon og skype. Postgangen var ei utfordring, og eg hadde mange bomturar til posthuset. Eg hugsar første telefonen eg hadde til Norge etter to år ute. Vi gret både eg og far, og eg betalte 250 kroner for det heile, seier Wenche.

– Vi kunne nok sakna det norske systemet med orden og pålitelegheit nokre gonger, men når ein så var i Noreg, så kunne ein sakna livet og mentaliteten i Peru med at folk hadde tid til å prata, gleda over fellesskap og samtalar, og så all den gode frukta og grønsakene da, fortset ho.

 

Takksemda

Misjonæren er veldig glad for det det har gjort med henne å få leva under andre vilkår enn i heimlandet, og at det har gjeve henne meir forståing for andre menneske sin oppførsel og utfordringar. Ho kjenner på takksemd for sitt eige land og oppvekst.

– Vi er så privilegerte i Noreg og vi burde vera så takknemlege. Å leve som misjonær i ein annan kultur, gjerne under utfordrande klima, gjer at ein må vere litt robust både fysisk og psykisk, seier Wenche og legg til at misjonærar bør vere fleksible, like menneske, tole forandringar og vere opne.

– Eg opplevde det òg som viktig å ha i alle fall ein medarbeidar du kunne vere heilt fortruleg med. Å stå heilt åleine er utfordrande for alle. Det blir større og større for meg ettersom åra går at eg fekk bli ein kristen som tenåring, og at Gud let meg få så mange fine år i Sør-Amerika, seier Wenche som òg er takknemleg for å ha fått reist i mange år som forkynnar i Noreg.

 

Nær til Gud

Som kristenruss på Bryne Gymnas i 1972 hadde Wenche på russekortet versa frå Salme 73,28: «Men for meg er det godt å halda meg nær til Gud. Eg set mi lit til Herren Gud.» Men ho fekk ikkje plass til versets avslutning: «Så eg kan fortelja om alle dine gjerningar».

– Det ville eg hatt med i dag. For det er det det dreier seg om. Å driva misjon anten det er i heimlandet, eller ein annan stad. Det er å fortelja kva Guds gjerningar er. At Han sendte Jesus til verda for at vi skulle bli redda for himmelen.

– Eg er så takknemleg for at Erling Klungset i Øvre Årdal var lydig då han tykte at Gud minna han om å spørja meg om det ikkje var slik at eg skulle bli misjonær. Trur han vart forundra over at eg ikkje hadde tenkt på det før, men så brukte Gud han for at eg skulle byrja å tenkja på det, konkluderer misjonæren. KPK


I 1986 utga NLM det lille heftet Plan eller tilfeldighet. Kritiske merknader til Evolusjonsteorien. Forfatter var geolog Willy Fjeldskaar som i dag er professor ved Universitet i Stavanger. I særlig grad kritiserer heftet, som ble trykket i mange tusen eksemplarer, ideen om at livet og levende organismer er blitt til uten noen skaper.

Den konservative nettavisen Minerva har de siste ukene publisert en rekke kritiske artikler om oppvekst i religiøse miljøer. Det startet med et sterkt intervju med Sara Charlotte Amundsen (21). Hun vokste opp i Jehovas vitner, men vendte menigheten ryggen som 19-åring og ble deretter utstøtt.

Nesten halvveis inn 2017 har jeg lyst til å rette en stor takk til alle misjonsvenner som blant annet gjennom sin givertjeneste bidro til at NLM enda et år kunne være med og utbre Guds rike i Norge og i utlandet. Når regnskapet i tillegg kunne gjøres opp med et resultat som viser at det i fjor ble brukt omtrent like mye penger som kom inn, var det ekstra gledelig.

Utsyn på Facebook

Norge

I Norge driver NLM et stort og variert arbeid over hele landet. I dag satser vi også mer og mer på flerkulturelt arbeid.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

1Mos 2:3 Og Gud velsignet den sjuende dagen og helliget den, for på den hvilte han fra alt sitt verk, det Gud hadde skapt og ville gjøre.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.