> Utsyn / Nyheter fra Utsyn / Vil ha meir kollekt via Vipps



Vil ha meir kollekt via Vipps

Misjonssambandet aksjonerer no for ein alternativ måte å gje kollekt på. I staden for å leggja pengar i kollektkorga, kan ein gje via mobiltelefon-appen Vipps, og søndag 7. mai arrangerer NLM ein Vipps-aksjon.

– Vi ynskjer at fleire foreiningar og forsamlingar legg til rette for å gje med Vipps slik at dei som ikkje har kontantar òg kan støtta arbeidet, seier markeds- og innsamlingsleiar Grete Haukelid til Utsyn. Ho viser til at NLM vil bruke Vipps i nasjonale arrangement, kampanjar og liknande framover.

 

Framleis kollektkorg

– NLM har mange trufaste givarar som føretrekk å gje med kontantar på møte, noko me er svært takknemlege for, og vi vil halde fram med det. Men målet vårt er å legge til rette for at fleire kan vere med på oppdraget vårt, og då er det viktig at me både brukar kollektkorg og Vipps, seier ho.

På aksjonsdagen, søndag 7. mai, oppmodar ein foreiningar og forsamlingar til å bruke Vipps under kollekten. Alle foreiningar og forsamlingar som rapporterar inn det som er gitt via Vipps denne dagen, blir med i trekkinga om å få eit foredrag av informasjonsleiar Espen Ottosen.

–  Vi har sendt ut informasjon til ei rekke misjonsfellesskap om korleis ein tar i bruk denne teknikken, og om nokon treng hjelp utover dette, er det berre å ta kontakt, seier Grete Haukelid. Ho viser óg til nettsida nlm.no/vippsaksjon.

  

Fleire forsamlingar brukar Vipps

Grete Haukelid fortel at fleire foreiningar og forsamlingar allereie har oppretta brukarkonto for Vipps. I Salem i Bergen blir ein tredel av all kollekt samla inn via Vipps, og Misjonshuset i Kristiansand har brukt Vipps i kollektøyemed i eit halvt år. Vipps-gåvene har gjort at kollekten der har auka med omkring 30 prosent.

– Vipps-aksjonen handlar ikkje berre om denne eine dagen. Me håpar at denne aksjonen vil ha ein langtidseffekt, og at me framover også kan «vippse evangeliet til verdens ende», avsluttar Haukelid

 

Direkte frå konto

Det var DNB som lanserte Vipps, men no er over 100 bankar saman om denne appen. Vipps er knytt til bankkontoen slik at pengane vert overført direkte frå kontoen og ikkje via telefonrekning som ved betaling med SMS (tekstmelding).

  

Sjå promovideoen om aksjonsdagen:


I 126 år har NLM vært noe mer enn «bare» en misjonsorganisasjon. Selv om kallet til de minst nådde har stått helt sentralt, har det omfattende arbeidet i Norge hatt en selvstendig verdi. Det har aldri vært slik at denne virksomheten bare er blitt sett på som bare et slags innsamlingsredskap eller et mobiliseringsredskap.

Dette nummeret av Utsyn handler i særlig grad om Luther og reformasjonen. Vi markerer at det er 500 år siden Luther sendte ut sine 95 teser om avlatshandel, anger og bot. I etterkant ble Luthers anliggende ofte oppsummert i de tre «alene»-formuleringene: «Troen alene», «Nåden alene», «Skriften alene».

Et stortingsvalg er akkurat over. Innad i NLM vil de partipolitiske vurderingene variere – og det må vi respektere. Men uansett hva vi mener om valgets utfall bør vi kunne glede oss over at politikkens betydning er begrenset i et demokrati. Så lenge religionsfrihet og ytringsfrihet respekteres, kan NLM fortsatt bygge forsamlinger, arrangere møteuker og bibelhelger, og sende ut misjonærer.

Utsyn på Facebook

Sentral-Asia

I Sentral-Asia er det krevende å drive misjon. Kristne lever under svært vanskelige forhold i et samfunn hvor myndighetene kontrollerer det meste.

Les mer | Bli fast giver

Dagens bibelsitat

Jes 35:4 Si til de urolige hjerter: Vær frimodige, frykt ikke! Se, der er deres Gud! Hevnen kommer, Guds gjengjeldelse. Han kommer selv og frelser dere.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.