I am

Eg er

MINIANDAKT: – Gud ber Moses presentere oppdragsgjevaren som «Eg er».

I 2. Mos. 3 gir Gud seg sjølv namnet «Eg er». Eit spesielt namn som eg har funne mykje trøyst i, og som har gitt meg frimod i kvardagane på Sygna i Balestrand.  

 

Stort oppdrag

Moses fekk eit stort oppdrag frå Gud om å føre Israelsfolket ut frå fangenskap i Egypt. Han kjente folket sitt, og visste nok at det ville krevje visdom for å klare å overtale dei til å stole på han. Det er då Gud ber Moses presentere oppdragsgjevaren som «Eg er», og samstundes minner dei om kven han har vore for fedrane deira opp gjennom historia. 

Eg trur både Moses og folket trong denne påminninga, og eg trur me treng å minne kvarandre om det same inn i våre liv. Gud markerer gjennom namnevalet at vi skal få rekne med Han som ein levande og allmektig Gud i både stort og smått kvar einaste dag. Han forsterkar også dette ved å legge til: «Dette er mitt namn til evig tid, dette skal eg kallast frå slekt til slekt.»   

 

Hjelpe kvarandre

Kor lett gløymer vi ikkje dette inn i ein travel kvardag? La oss hjelpe kvarandre til å la Guds løfte om omsorg og nærvær prege livet vårt. Vi har sjølve Skaparen med oss i arbeid og fritid.