Leir

Super ungdomsleir på Solhøgda

Ungdomsleiren på Solhøgda helga 16.-18. november var ein veldig kjekk leir med 19 deltakarar pluss leiarar.

Aktivitetane var mange frå klatrevegg, fotball i hallen, juleverkstad og mange andre ting. Temaet i bibeltimane hadde fokus på juleevangeliet og kva dei tre gåvene som vismennene gav til Jesus betyr. Men også erfaringar frå det å vere kristen var ein viktig del av innhaldet på leiren. I spørsmålskassa kom det inn mange lappar frå deltakarane med viktige spørsmål og som talaren svarde på.

Vennskap, god mat og kveldskos i tømmerkoia, «gul bolle», leirkveld, bibel og forteljingar var ingrediensane som skapte gode opplevingar og godt fellesskap og ein kjempefin leir.