Tingvoll

Takksame tankar etter ei julemesse

Julemessa på Tingvoll er over, og lokalet er nesten tomt for folk. Ein hektisk dag er til ende, eller er den det?

Bak i ein krok sit ei gruppe på 12-14 personar. Dei verkar så blide og nøgde. Det er dagens «innsatsstyrke.» Her er ikkje så veldig mange som ber børene med alt arbeidet det er å få ei god julemesse i stand. Nokre har arbeidd i dagar og veker med kake- og lefsebaking, strikking av lestar og produksjon av salsvarer, innhenting av lotterivinstar og sal av lodd. Til sjølve messedagen har dei fått med fleire villige hender for å hjelpe til med sjølve arrangementet.

No er det ein liten pust i bakken med kaffi og kakerestar, ein god prat og takksame ord til kvarandre. Dei gleder seg over alle som kom innom, mest fullt hus heile dagen. Nokre nemner den stille og lyttande forsamlinga under andaktstunda då Guds ord vart delt. Og dei ser verdien i julemessa si kontaktflate mellom misjonen og bygdefolket.

Så er det på'an igjen. For sjølv om siste loddtrekning er over og folket har gått, så står oppryddinga att. Bord og stolar skal stablast, det skal ryddast og vaskast opp. Ting som er lånte her og der ifrå skal køyrast på plass, og lotterivinstar skal bringast til heldige vinnarar. Eit par karar sit ved eit bord. Dei tel pengar og reknar i hop. Der er mange nøgde smil når resultatet synest å bli minst like godt som året før. Pengar kan sendast til misjonen og omsetjast til misjonsarbeid både i Norge og på dei mange felt rundt i verda.