Bergen

Frå by til by

Nye kyrkjer og forsamlingar når lettare nye med evangeliet enn eldre, etablerte forsamlingar.

Dei veks ikkje fordi dei er nye, men fordi dei er meir fokuserte på lokalområdet og har større entusiasme. Samtidig er det eit enormt behov for at eksisterande kyrkjer og forsamlingar veks og held fram med si trufaste teneste for evangeliet.

Både Salem, Tremorkirken og regionen var representert på City to city Europe sin konferanse om kyrkjeplanting i Krakow i slutten av oktober. Første hovudtema var «Evangeliet sin bevegelse i meg». Blikket vart løfta, og me fekk sjå kor stort det er å få vera i Kristus. Når Gud ser på meg, ser han alt det gode Jesus har gjort.
Men evangeliet stoppar ikkje der, det lagar bevegelse i kyrkja mi, i byen min og i verda mi. Folk vert tiltrekte av ei kyrkje som er slik Jesus sa: «Sjå kor dei elskar kvarandre».

Det er berre Gud som kan starta brannen. Elia la ved på bålet, men det var Gud som tente på. Me kan leggja til rette og ta bort hindringar, men berre Gud gjev vekst.

 

Sjå bakover eller framover?

Ei vekking skjer ikkje to gonger på same måte, vart det sagt. Barna i Narnia-bøkene kunne gå tilbake til dei store opplevingane i Narnia-verda, men kvar gong var heilt annleis enn den førre gongen. Det må vera noko å ta med inn i vår bedehustradisjon, der me ser på tidlegare vekkingar og ventar på at det same skal skje igjen, på same måten som sist.

 

Berre eitt evangelium

Det finst berre eitt evangelium. Samtidig, når det er oppsummert på ulike stader i Bibelen, så er det aldri heilt likt. Det er fordi det vert sagt til ulike persongrupper med ulike tankar, bakgrunn og haldningar. Slik må me også forkynna slik at det svarar på folket sine behov og lengslar.

Samtidig er evangeliet så mykje større enn me tenkjer. Når folk trur dei er frie, så er dei ikkje så fri som dei trur. Ein som alltid har høyrt kor stor og god han er, vert liten i møtet med evangeliet. Den som alltid har høyrt kor lite han er, vert løfta opp til ein posisjon han aldri har drøymt om.