Videoopptak

Vitnesbyrd av tilsette i nordvest

På medarbeidarsamlinga i desember byrja me på eit prosjekt der me vil filme og legge ut vitnesbyrd frå tilsette i Region nordvest.

Med Sakarias Ingolfsson bak kameraet og ulike medarbeidarar framføre, så er prosjektet i gang. Me ynskjer å filme tilsette som deler si tru på Jesus og gjere det tilgjengeleg for folk. Målet er at me skal seie noko kort og konsist om han som me trur på.

Dette er ein del av handlingsplanen «Fellesskapsutvikling». Som kristne treng me trening på å sette ord på trua vår for å dele den. Difor vil me som tilsette i regionen gå føre med eit godt døme og gjere nettopp dette. Opptaka skal kunne delast i sosiale medier og på samlingar der ein ynskjer det.

 

Opptaka vert gjort tilgjengelege på nettsidene til NLM nordvest når dei har kome litt vidare med dei nye nettsidene. Gled dykk og del dei gjerne når dei kjem ut!

«Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig.» 1. Petersbrev 3,15b