Krasp Nord

Krasp-besøk i Kristiansund

30 ungdommer stilte mannsterke opp i Misjonssalen i Kristiansund på familiemøte

Silje Berg Straume som er hovedleiar for KRASP Nord hadde ei god familieandakt med glimt frå Lukas 5,1-11 om fiskeunderet. På scena vart det gjort plass til både genesaretsjøen, fiskebåt, ballongar og tau. Marie Sæther Kjerstad dirigerte koret og stilte opp som forsongar på fellessangane og Eivind Peter Nordstrand var som vanleg med som pianist, sjølv om han pendlar frå Oslo(!) kvar øvingshelg.

Både før og etter andakta fekk vi høyre 5 flotte songar frå Krasparane.

På dette møtet fekk vi óg bli med Linkus til ei barnegruppe i Mali som er ein del av Barnas Misjonsprosjekt i Vest-Afrika og vi fekk anledning til å gi ei gåve til misjonsarbeidet.

KRASP-koret avslutta med eit friskt og kraftfullt innslag
 «Everyday, it’s you I live for!»

Det er stort å få vere med å sjå barn og unge lovsynge Gud saman og dette er også vår bøn for arbeidet i regionen; at vi kvar dag skal leve til Guds ære.

Krasp Nord
Andakt:Silje Berg-Straume holdt andakt. Jon Ove Holen

 

KRASP

KRASP er eit kor-tilbud for deg som går i 5-8 klasse.
Har du lyst, eller kjenner du nokon som kunne hatt lyst til å vere med? Då vil vi gjerne ha kontakt med deg!

KRASP Nord møtast fire gonger i året på Vestheim Ungdomssenter i Vestnes kommune. 
KRASP Sør møtast fire gonger i året på Møre barne- og ungdomsskole i Herøy. 

Ei KRASP helg består av: - God mat, bibelsamlingar, aktiviteter, misjon, korøvinger, opptredingar og nye vener.

Du melder deg på som nytt KRASP-medlem ved å sende ein mail til nordvest@nlm.no med namn, fødselsdato og adresse på deltakar.