sommerfugler

Reproduksjon

Vekstpotensialet i våre forsamlingar er stort, det same er hausten der ute. Tidligare ungdomsarbeider i NLM nordvest, Andreas Furnes, fortell at reproduksjonstanken er heilt sentral i forsamlinga han arbeidar i no.

NLM Follokirken har det siste året hatt eit snitt på om lag 65 personar til gudsteneste det siste året. I Follo-distriktet bur det langt fleire enn dette. Vekstpotensialet er derfor meir enn stort, og vi må spørje oss sjølv: korleis skal vi nå endå fleire i vårt lokalsamfunn med evangeliet? Eitt av mange viktige svar på dette spørsmålet er reproduksjonstanken. Lat meg forklare kva dette har å seie for oss i Follokirken.

 

Lærlingkultur

I all hovudsak går dette ut på at vi skal reprodusere oss sjølv, på alle nivå. Alt frå søndagsskulelærar og møteleiar til kirkekaffeansvarleg og forsamlingsleiar. Alle som har ei oppgåve i forsamlinga skal altså lære opp nokon andre til å gjere det same. Det blir ein slags lærlingkultur, der målet er å gjere seg sjølv overflødig. Ein enkel og grei modell for å sette dette ut i praksis er å følgje denne progresjonen:

Eg oppserverer – du utfører

Eg hjelper – du utfører

Eg utfører – du hjelper

Eg utfører – du oppserverer

Eg går sjølv i lære hos vår forsamlingsleiar der eg får både oppservere, hjelpe og utføre arbeidsoppgåver han har, slik at eg ein dag er klar og godt utrusta til å sjølv bli ein forsamlingsleiar. Det er trygt og godt å kunne lære av nokon som har erfaring før ein sjølv blir kasta ut i ulike tenester.

Dersom denne reproduksjonstanken blir praktisert på alle nivå i forsamlinga vil vi kunne stå ovanfor ein eksponentiell vekst og vi vil på ein sunn og god måte utruste nye til teneste i Guds rike. Kven kan du gå saman med på denne måten?

 

Dele Guds ord

Reproduksjon gjeld ikkje berre på individnivå. Smågruppene våre har også dette DNA-et i seg. Alle i smågruppa blir utfordra til å be, bygge relasjonar og dele Guds ord med personar utanfor forsamlinga. Når smågruppa opplev vekst og talet på faste deltakarar bikkar om lag ti personar er tanken at gruppa skal dele seg i to, eller reprodusere seg sjølv, for at veksten ikkje skal stagnere. I tillegg draumar vi om at heile forsamlinga skal reprodusere seg sjølv ved at vi plantar ei ny forsamling. Dette er ein realistisk draum dersom vi klarar å leve ut reproduseringstanken.

 

Jesu befaling

Det er Gud som gjev vekst, og det er berre i tillit og lydnad til han at vi kan oppleve at Guds rike går fram. Dette er derimot inga motsetting til å tenke reproduksjon og skape ein lærlingkultur. Nei, nettopp på grunn av Jesu befaling om å gjere alle folkeslag til lærlingar av Han, vil vi ta vår oppgåve på alvor for at alle skal få læra Jesus å kjenna.