2019-03-29 Fasade vest Kjelde Novaform AS (utsnitt av teikning)

Tryggheim utvidar

I februar starta utbygging av hovudbygget på vidaregåande. Det første hovudbygget i tre stod i tett på 50 år, og i år bikkar dagens bygg frå 1969 same grensa.

Månaden markerer byggestart på fleire hundre kvadratmeter romleg utfalding til glede for alt folket på innsida. I jubileumsåret, som alt er godt i gang, har skulen fleire store treff, møte og festar, så dei ekstra kvadrata kjem godt med frå første stund.

 Driftsleiar Per Ivar Wold har kontroll på dei lange linjene.

- 28. juni er det opning av påbygget, seier han.

 - Blir det opningsfestival?

- Neppe noko storarta, sia ferien er i gang då, men det blir nok markert ved skulestart i august.

- Er det ei etterlengta utbygging?

- Ja, det kan ein trygt slå fast. Spesielt for kjøkkenpersonalet har det vore tronge tider dei siste åra. Matsalen har hatt for liten kapasitet, spesielt når ungdomsskulen skal eta lunsj. Nå får me utvida med 70 plassar, så då stig kapasiteten til 270. Tida i matkø for elevane kan gå ned, for 110 kvm ekstra rom gir lengre anretningsbord.

I tillegg får me to nye klasserom, to grupperom, to toalett, møterom for reinhaldsleiar og for kjøkkenleiar. 

- La oss snakke om det vonde og vanskelege, Per Ivar: pengar. Kva kostar dette?

- Kalkylen er på ca 11,5 mill.  

- Er det ungdomsbedriftene som skal stå for bygginga?

Rå latter blir følgt opp av eit tydeleg «Nei, det er det ikkje!»

- Novaform har prosjekteringsansvaret og Byggmeister Hersdal AS skal ha tømrararbeidet.

Saman skal dei spikre nok ein grunn til å gå hausten lyst i møte, medan høgsensitive tilsette og elevar bør seie mellombels farvel til medelevar og kollegaar, fylle øyrene med byggeskum og vente på sommaren, for slike ting kan ikkje skje lydlaust.