Stordal Barnekor i lag med mødrene som var med på turen.

Kortur til Trondheim

22.-24. mars var Stordal barnekor på leiarkurs i Trondheim. Helga inneheldt både undervisning, sang og ungdomsmøte. Høgdepunktet for kormedlemene var likevel turen til Pirbadet.

Fredag den 22. mars reiste Stordal barnekor til Trondheim på leiartrening. Første stoppestad var Kristen Vidaregåande Skule Trøndelag. Om lag 60 barn og ungdommar var samla til Tweens, eit kristeleg barne og ungdomsarbeid der ein denne kvelden kunne velje mellom idrett og improvisert teater. Barnekoret fekk sjå korleis eit så stort barne- og ungdomsarbeid er organisert. Koret delte seg slik at begge aktivitetar vart dekt, og ein kunne få sjå korleis dei to hovudaktivitetane vart arrangert. Her fekk dei både opplæring og tips til seinare arrangement som dei sjølv kan vere leiarar på. Undervegs noterte dei seg stikkord og idear til framtidige opplegg.

 

Stordal Barnekor tek del på Tweens på Kristen Vidaregåande skule Trøndelag
Tweens::Stordal Barnekor tek del på Tweens på Kristen Vidaregåande skule Trøndelag Privat

 

Laurdagsmorgonen hadde vi leigt kurshaldar og ungdomsskulelærar Hallgrim Barlaup, som heldt leiartreningskurs for oss i lokalet til NLM-forsamlinga Betania, som ligg i sentrum av byen. Først lærte koret seg ulike bli-kjent-leikar, kor lett dei kunne finne på og sette opp sporløp, og kor fort ein kan lage ein type alias som er like kjekt for borna som for dei vaksne. Her fekk mødrene som var med på turen også delta, noko dei såg ut til å trivast med. Hallgrim lærte også barnekoret ei andakt med ein ny vri der ein bruker ein tommestokk for å illustrere kva som skjer i forteljinga. Dei lærte seg også eit trylletriks med tal. Koret øvde på påskesongar som dei skulle opptre med dagen etter.

 

Leiartrening med Hallgrim Barlaup. Anna Sofie Moe i aksjon
Leiartrening med Hallgrim Barlaup:Anna Sofie Moe i aksjon Privat

 

Etter to dagar med hard jobbing og mykje lærdom var det ei vel fortent belønning å besøke Pirbadet, som er noko større enn svømmehallen ved Stordal skule. Heilt topp om vi skal tru kormedlemmene.

 

 

Barnekoret opptrer i NLM-forsamlinga, Betania, i Trondheim sentrum søndag førmiddag
Betania:Barnekoret opptrer i NLM-forsamlinga, Betania, i Trondheim sentrum søndag førmiddag Privat

 

Etter ei god natts søvn vakna vi til snøslaps og utriveleg ver. Barnekoret deltok denne dagen på formiddagsmøtet i Betania, der dei song, las tekstane for dagen og medverka ved søndagsskulen. Kormedlemmene vart intervjua og fekk fortelje om kor bra det er å bu i Stordal. Då vi kom til Molde, fekk vi sjå det nykomne cruiseskipet Viking Sky som vart ei flott avslutning på denne vellukka turen.