Personer på vekst

Første VEKST-runde gjennomført

Med misjonsbefalinga som utgangspunkt

Den 10.-11. mai vart denne første runden med VEKST gjennomført. Då har vi vore med på fire samlingar over to år der vi har tenkt, bedt, planlagt og arbeida saman for at fire fellesskap skal få oppleve vekst. Det er misjonsbefalinga som har vært utgangspunktet for undervisninga og tematikken og så har kvart team satt seg ned og lagt planar ut ifrå undervisninga me har hatt. Dei har blitt følgt opp av ein vegleiar gjennom heile perioden som har helde dei ansvarlege og kome med innspel.

Målet med VEKST er at det skal være konkret, relevant og utfordrande undervisning. Det skal ikkje være eit kurs men ein hjelp til å gå inn i utfordringar og moglegheiter som ein har lokalt. Tilbakemeldingane har så langt vore gode og NLM nordvest ynskjer gjerne å gå for ein ny runde som vil starte opp våren 2020.

Om dette er noko som kunne vore aktuelt for ditt fellesskap, eller om du har spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med fellesskapsutviklar i NLM nordvest, Steffen Stensland (sstensland@nlm.no). Vi håper at vi som Region kan legge til rette for at fleire av våre fellesskap får levd ut kallet me har fått frå Jesus Kristus!

Vekst brosjyre Region Nordvest 2020.pdf