Russegave

Elevar gir millionbeløp til Etiopia

Fredag 7.juni takka avgangselevane for seg på Tryggheim vidaregåande skule. Dei vart dermed årgang nummer hundre som har vorte uteksaminerte frå skulen. Årets innsamlingsaksjon resulterte i om lag 1,2 millionar kroner til bistand og evangelisering .

Nærare 700 festkledde elevar, foreldre og lærarar deltok under avslutningsfesten som markerte slutten på vidaregåande skulegang for både russ og Vg2-elevar frå yrkesfaglege utdanningsprogram. Kveldens tema var «Ta med deg hjartet ditt,» og festtalar var leiar for den kristne radiokanalen pTro, Anne Birgitte Lillebø Bøe. Rektor Gjermund Viste trakk fram fem eksempel på ting å vera takknemleg for i løpet av skuleåret og det vart gjort ekstra stas på avtroppande lærar Kirsten Lea Gausland, som var primus motor for at Tryggheim gjekk frå å vera folkehøgskule til vidaregåande skule i 1983. Elevar ved skulen stod i spissen for musikken frå scenen og russekoret opptredde for siste gong under samlinga.

Høgdepunktet

Dei frammøtte responderte spontant med ståande applaus over nesten 1,2 millionar kroner som ungdommane hadde skaffa til veie til innsamlingsprosjektet sitt. Prosjektleiar Marie Pettersen i russestyret omtala overrekkinga som høgdepunktet på avslutningsfesten.

– Vi har arbeidd med å samle inn pengar til misjonsprosjektet gjennom eit heilt skuleår. På vegne av russen vil eg takke elevar, lærarar og vennar av Tryggheim som har bidratt. At ungdommar vel å bruke fritida si på prosjektet, er stort, sa Marie Pettersen. 

Elev- og russeprosjekt

Årets innsamlingsaksjon har vore eit samarbeid mellom elevrådet og russen ved skulen. Tryggheim-elevane har samla inn millionbeløpet gjennom å halde arrangement som misjonsløp, basar og fotballcup.

Tidlegare Etiopia-misjonær Torbjørn Honnemyr tok imot ein symbolsk sjekk der det stod 1.180.544 kroner.

– Dette er ufatteleg. Det er eit fantastisk beløp som har blitt samla inn i løpet av skuleåret. Det er stort å ta imot den store gåva på vegne av vennane mine i Etiopia. Tusen hjarteleg takk for innsatsen, sa Honnemyr, som i dag arbeider som tømrarlærar på Tryggheim vidaregåande skule.

Prosjektet

Innsamlingsaksjonen støttar Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Etiopia. Dei innsamla midla skal mellom anna finansiere helserelatert arbeid for å få ned mødre- og barnedødlegheita. NLM støttar også utviklingsprosjekt for å betre levevilkåra på den etiopiske landsbygda. Desse prosjekta dreier seg om vatn, landbruk og utdanning.

NLM samarbeider med den lokale Mekane Yesus-kyrkja for å nå lenger ut med den kristne bodskapen. Bibelomsetjing, evangelisering og kristen utdanning er verkemidla som blir brukt for å gjere Jesus kjent for endå fleire.

PS! Sidan skuleåret 2008/09 har elevane ved Tryggheim vidaregåande skule samla inn over 10 millionar kroner til ulike misjonsprosjekt i regi av skulen sin eigarorganisasjonen, Norsk Luthersk Misjonssamband.