Misjonsvennene fylgde godt med på andakten. Til høgre ser me 3 tidlegare misjonærar: Inga Gundersen, Magni og Bjarne Taranger.

Inspirasjonssamling på Bømlo

På Bømlo i Sunnhordland har NLM misjonsforeiningar i fleire av bedehuskrinsane, for det meste kvinneforeiningar. Det har vore tradisjon å invitere til ein felles misjonsfest for alle foreiningane tidleg på hausten.

Dette var ei markering av at eit nytt semester tok til, og då kunne foreiningane starte opp etter ferien. Samlingane har gått på omgang i krinsane.

Inspirasjonssamling

Den 3. september var det Moster misjonsforeining av NLM som arrangerte samlings- og inspirasjonsfest i Håvik bedehus. Då var om lag 40 misjonsvenner frå Langevåg, Laurhammar, Gilje, Rubbestadneset og nokre andre saman med vertane frå Mosterhamn. No er også menn komne med på desse samlingane.

Misjonærbesøk

 Me hadde besøk av dei to misjonærane Gerd Kari Sund og Kjersti Steinsland. Begge har hatt fleire års teneste i Afrika saman med ektefellane sine. Kjersti hadde andakt og viste bilete og fortalde frå misjonsarbeidet der mannen, Lars, var lærar på Kiabakari bibelskole i Tanzania. Ho takka også misjonsvennene for at dei står på i tenesta. Gerd Kari gledde forsamlinga med mykje fin song. Ho minna oss også om å nytte anledningane til å vitne om Jesus i våre eigne nabolag. Sjølv har ho nyleg tatt til som lærar på Kristen videregående skole Haugalandet som no har starta line for helse- og oppvekstfag. Ho oppfordra misjonsvennene til å be for skulearbeidet som er eit godt høve til å møte ungdom med evangeliet. Kjersti fortalde at også ho er knytt til ein kristen skule då ho underviser på Danielsen Ungdomsskule på Vea.   

Bevertning hører med

Sjølvsagt var det og ei god matøkt. Foreininga hadde laga til smørbrød, og både fløytekaker og andre kaker medverka til den rette feststemninga. Det vart gitt høve til å gje ei gåve til misjonen, og det kom inn åtte tusen kroner. Møteleiar Bjørg Borgemyr takka dei to gjestene for at dei kom og delte mykje med oss og gav dei kvar sin blome før Gerd Kari til slutt song velsigninga.