Honndalshallen

Regionmøtet 2020

Regionmøtet i NLM region nordvest blir 30. - 31. mai 2020 i Hornindal i Volda kommune.

NLM region nordvest innbyr til regionmøte i Hornindal 30.-31. mai 2020. Hornindal er frå 1. januar ein del av Volda kommune og det ligg godt til rette med flott hall og gode alternativ for overnatting. Lokal arrangør er Ørsta/Volda Misjonsforsamling.

 

Talarar i år blir Rolf Kjøde, Berit Ådnanes og Hartvig Kloster. Som vanleg legg vi opp til eit familiearrangement med aktivitetar for born og unge parallelt med årsmøte og andre møter.

 

Under "arrangement" på nettsida vår vil det bli lagt ut program, påmeldingsskjema og anna informasjon etter kvart som det er klart.

 

Sett av helga allereie no og bli med på storsamlinga i mai.