Regionårsmøte i 2020 var kun åpent for delegater.

Historisk regionårsmøte i vest

For første gong var regionårsmøte til NLM region vest berre ope for utsendingar. 51 utsendingar møtte.

Møtet vart gjennomført i Salem, Bergen 24. oktober. Andre kunne følgje møtet på Facebook. Du kan framleis sjå møtet på NLM Region Vest si Facebook side.

Regionleiar Per Byrknes presenterte årsmeldinga for NLM Region Vest, leiar for NLM Ung Marta Sortland Leodo presenterte årsmeldinga for NLM Ung og konstituert administrasjonsleiar Kirsten Grøteig orienterte om rekneskapen.

Vala gav følgande resultat:
Regionstyret:
Per Hilleren (leiar), Åshild Lande og Steven Kristoffer Rob (nestleiar).
Turid Toft Amenya og Nils Fredrik Rifsgård var ikkje på val.
Følgande vart valde til varamedlemar: 1. vara: Sveinung Myrene, 2. vara: Helge Andvik, 3. vara: Ove Fotland

Barne- og ungdomsrådet
Maria Røysland Egeland, Daniel Flaktveit og Sara Nordheim
Jonatan Hurthi og Kristoffer Ytre-Arne Mjelstad var ikkje på val.
Følgande vart valde til varamedlemar: 1. vara: Hanne Nordpoll, 2. vara: Anders Myrane 3. vara: Benjamin Andre Olsen

Valnemnd
Jon Amador Vårvik Mandujano, Trond Kråvik og Andreas Kårbø
Jostein Moldsvor og Kjell Arve Samnøy var ikkje på val.
Liv Hushagen vart varamedlem.

Per Byrknes takka Nils Walde og Bodil Øpstebø som har gjort ein stor innsats i regionstyret. Han takka og Jostein Moldsvor for innsatsen han gjer som leiar i valnemnda.

I samtale om arbeidet var det programmet «Vekst» og barne- og ungdomsarbeid som vart hovudtema.

Hans Arne Sanna formidla helsing frå hovudstyret.

Nasjonalt