Fra forsamlingen.

Jubileumsfeiring for Tysnes fellesforening

For 75 år sidan vart fellesforeningen stifta.

Då NLM sitt arbeid på Tysnes starta i år 1896 var det vekking på øya, og den fyrste foreininga vart  stifta. Rundt år 1900 var det omlag 13 lag og foreiningar for Kinamisjonen på Tysnes.   I alle desse åra har det vore stelt til mange møteveker, festar og basarar for NLM. 

Sundag 11. okt. var bedehuset på Tveit pynta til jubileumsfest. Misjonsvenner frå heile øya møtte fram.

Magne Austneberg var  taler  på jubileumsfesten.  Han delte  m.a. versa frå Jes. 53,10 – 12. og minna om  Jesus som vart knust for våre synder. Det behaga Gud å ofra sonen sin. Det er vår redning.  Å tru på Jesus er einaste mulighet til å nå himlen. 

Sævelandsjentene og Marton Knutsen gledde forsamlinga med god song og musikk. Dagfinn Brandsæter delte historiske tilbakeblikk.

Festkaker og kaffe vart servert, og det var tid til den gode praten.

Bøna er at folk på Tysnes også i dag må få bruk for Jesus. At det igjen kan verta vekkingstider.