Jon Ove Holen

Regionleder blir rektor

Jon Ove Holen går frå å vere regionleiar i Misjonssambandet nordvest til å bli rektor på Vestborg VGS.

Jon Ove fortsett som regionleiar til over sommaren, og vil gå over i stillinga som rektor frå og med 1. september.

-        Det er veldig spanande å gå inn i denne stillinga. Vestborg er viktig for meg, og skulen er heilt naudsynt i Misjonssambandet sitt arbeid i regionen vår.

-        Kva tenkjer du om rektorjobben? 

-        Eg gler meg til å byrje. Tidlegare har eg vore lærar i mange år, og dei åra eg har vore regionleiar har eg sakna kontakt med elevar. Samtidig kjenner eg på at det blir dramatisk å skulle slutte i ein jobb der eg har hatt det veldig bra i fem år.

Jon Ove kjenner skulen godt frå før.

-        Eg har tidlegare vore lærar på Vestborg i 2 ½ år. Dei siste åra har eg som regionleiar møtt fast i styret, seier han.

-        Kva er vert viktig for deg i jobben?

-        Eg ser fram til å bli betre kjend med personalet, men hovudmålsetjinga vert å få opp elevtalet for å få ein berekraftig økonomi. Difor er delmålet at både elevar og personale må trivast. Med andre ord så må ein byggje på det som er her frå før. Elles så har eg vore ein del av Misjonssambandet heile livet, og eg vonar og trur at vi kan få ei endå betre kontakt mellom misjonsfolket og skulen, seier Jon Ove – som er gift med Åse, og saman er dei foreldre til to.

Vi vil takke Jon Ove for arbeidet han har lagt ned i regionen, og ynskjer han lykke til på Vestborg!