Gjennom det årvisse misjonsløpet samla Lundenesrussen og medelevar samla inn 889.831kroner til ulikt arbeid i Indonesia

Nesten 900.000 til Indonesia

Misjonsløp på Lundeneset gav nesten 900.000 til Indonesia

– Det var eit ekstremt stort engasjement. Folk var kjempegira på å samla inn til Indonesia, fortel Julie Pettersen, prosjektansvarleg i russen. Sjølv er ho nett tilbake frå Indonesia, og har sett med eigne auge kva dei samlar inn pengar til.

Misjonsløpet på Lundeneset er eit av dei faste innslaga på Lundeneset når skuleåret og hausten for alvor er i gang. Ein torsdag i slutten av oktober samla altså rundt 120 påmelde elevar og andre inn 889.831 kroner til russen sitt innsamlingsprosjekt i Indonesia.

Innsamlingsbeløpet er det sponsorane har lova per dags dato, som dei neste vekene vil bli betalt inn på russen sin innsamlingskonto. Den eleven som hadde jobba mest iherdig med sponsorane, samla åleine inn over 34.000 kroner.

Dei spreke løparane sprang ei løype som er 600 meter, og løpet varte i halvannan time. Den eleven som sprang mest, sprang 36 rundar, altså rett over distansen for eit halvmaraton.

Pengane som elevar og støttespelarar samlar inn går til Misjonssambandet sitt arbeid i Indonesia. Midlane er retta mot den fattige befolkninga, og er øyremerkt helseprosjekt, styrke utdanningstilbodet og evangeliseringsarbeid.

 

Sjå filmen russen sjølv har laga frå løpet sitt!

 

Gjennom det årvisse misjonsløpet samla Lundenesrussen og medelevar samla inn 889.831kroner til ulikt arbeid i Indonesia
Misjonsløp:Gjennom det årvisse misjonsløpet samla Lundenesrussen og medelevar samla inn 889.831kroner til ulikt arbeid i Indonesia Lundenesrussen 2023