Påskevandring, Vestborg

Påskevandring på Vestborg

Vestborg har jul før jul og påske før påske. Mandag før påske er fast dag for møte med påskevandring. Denne gongen hadde Simon Morris laga eit fint opplegg som vi vil dele.

Eg hadde andakt om då Gud bad Abraham ofre Isak. Her lærer Gud oss kva det kosta for han å ofre sin eigen son. Etterpå hadde Simon Morris, som er ungdomsarbeidar på skulen, laga mange postar der vi kunne få tid til både bønn og ettertanke og innleving i evangeliet.

- Fin kveld, seier Simon i etterkant. – Ein av dei kveldane du føler at du er saman med Gud om å gjere menneske til disiplar.

Simon seier dette om motivasjonen for å lage påskevandringa: - Dette var for å hjelpe elevane til å ikkje berre høyre, men tenkje, føle og leve seg meir inn i evangeliet på ein veldig visuell måte, sidan den verda dei lever i er så visuell.

Her er postane han hadde sett opp:

  1. PC 1: Korset, klipp frå filmen «The passion of the Christ»
  2. PC 2: Oppstoda, klipp frå filmen «The passion of the Christ»
  3. Sitat frå kjend ateist: «Det faktum at Jesus døydde ved korsfesting kan ikkje nektast». På posten låg det lange spikar og ark med sitatet som vi kunne ta med.
  4. Profeti: To oppslåtte biblar. Den eine på Jes 52,13-53,12.  Den andre på Luk 23.  Godt for elevane å sjå samanhengen og oppfyllinga.
  5. Smak og sjå at Herren er god! Druer, clementinar og jordbær i skåler.  Versågod! Gud er ikkje ein død religion, men eit LIV i fellesskap med han.
  6. Familie og venner: Be om frelse, tenn eit lys.
  7. Heilag grunn. Ta av deg skorne, tenk på korleis vi nærmar oss Gud.
  8. Oppstoda. Området i midten (sjå bildet). Kors med lys på, bibelord på golvet, madrasser å sitte på. Ettertanke.
  9. Synd tilgitt og gløymt. Lappar til å skrive synder du slit med. Makuleringsmaskin frå kontoret til å putte lappane i.
  10. Vegg med bibelavsnitt.  1. Johannesbrev. Bibelgruppene studerer dette brevet i år. Frelsesvisse.
  11. PC 3: Ukraina.  BBC-film som viser øydelegging av bygningar, byar, heimar, liv  Elevane må oppleve - og få eit forhold til - det vonde i verda. Og BE.