Fall-Off Resue scenepresentasjon»: Elevane frå Tryggheim heldt mellom anna scenepresentasjon då dei deltok i NM for ungdomsbedrifter i Nova spektrum i Lillestrøm.

Tredje beste ungdomsbedrift i landet

Ungdomsbedrifta Fall-Off Rescue frå Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø vann NM-bronse.

Statssekretær Sindre Lysø (Ap) i Kunnskapsdepartementet offentleggjorde plasseringa på NM-scenen i Lillestrøm fredag 28. april.

Fall-Off Rescue utviklar ein ettermonterbar sensor som skal varsle naudetatar ved MC-krasj, og blei tidlegare i år kåra til Rogalands beste ungdomsbedrift.

Sju spente elektro-elevar frå Tryggheim reiste til Oslo og lada opp til NM ved å presentere bedrifta for rogalandsbenken på Stortinget onsdag 26. april. Torsdag 27. og fredag 28. april målte dei krefter mot dei 70 beste ungdomsbedriftene i landet under NM i Nova spektrum i Lillestrøm.

«Fall-Off Rescue i lagtingssalen»: Ungdomsbedrifta frå Tryggheim lada opp til NM ved å besøke rogalandsbenken på Stortinget onsdag 26. april. Her er gründerspirene i lagtingssalen. Bak frå venstre: Alfred Kvendset, Ruben Chiorean og Lukas Hegge. Første rekke frå venstre: Krister Van Vliet, Isak Brattgjerd, Even Grøntoft og Erik Nødtvedt Gilje. Foto: Henrik Foss
Fall-Off Rescue i lagtingssalen:Ungdomsbedrifta frå Tryggheim lada opp til NM ved å besøke rogalandsbenken på Stortinget onsdag 26. april. Her er gründerspirene i lagtingssalen. Bak frå venstre: Alfred Kvendset, Ruben Chiorean og Lukas Hegge. Første rekke frå venstre: Krister Van Vliet, Isak Brattgjerd, Even Grøntoft og Erik Nødtvedt Gilje. Henrik Foss

Då Fall-Off Rescue blei kåra til den tredje beste ungdomsbedrifta i landet, fekk elevane denne grunngivinga frå juryen: «Denne ungdomsbedriften viser innovasjonskraft og tør å eksperimentere for å bringe nye og innovative løsninger til en godt etablert bransje. De evner å spille på bredden i kompetansen hos team, mentor og partnere, og viser at de ved hjelp av teknologi kan redde liv.»

Totalt 12.500 elevar i landet har drive ungdomsbedrifter i regi av organisasjonen Ungt Entreprenørskap Norge skuleåret 2022/23.

Fall-Off Rescue på NM-scenen»: Statssekretær Sindre Lysø (f.v.) i Kunnskapsdepartementet heidra Tryggheim-elevane Krister Van Vliet, Erik Nødtvedt Gilje, Alfred Kvendset, Lukas Hegge, Even Grøntoft, Ruben Chiorean og Isak Brattgjerd då Fall-Off Rescue blei kåra til den tredje beste ungdomsbedrifta i landet under NM i regi av Ungt Entreprenørskap.
Fall-Off Rescue på NM-scenen:Statssekretær Sindre Lysø (f.v.) i Kunnskapsdepartementet heidra Tryggheim-elevane Krister Van Vliet, Erik Nødtvedt Gilje, Alfred Kvendset, Lukas Hegge, Even Grøntoft, Ruben Chiorean og Isak Brattgjerd då Fall-Off Rescue blei kåra til den tredje beste ungdomsbedrifta i landet under NM i regi av Ungt Entreprenørskap. Henrik Foss