Regionstyre nordvest 23

Nytt regionstyre

Regionstyret hadde første styremøte torsdag 8. juni. På dette møtet stod mellom anna konstituering på agendaen.

Det nye regionstyret hadde første styremøte i Misjonssalen Ålesund sine lokaler denne torsdagen. Normalt legges styremøta til Vestheim ungdomssenter, for å få lik reiseveg for dei som kjem frå nordsida av Moldefjorden. Dette året er det ingen kandidatar frå denne sida og regionstyret har difor lagt dei fleste møta sine til Ålesund, med håp om å flytte tilbake til Vestheim neste år. 

På dette møtet er det sett av tid til vanlege saker, men hovudfokuset er at alle skal bli trygge på og vere godt orientert om regionstyrets arbeidsmåtar, mandat, ansvar og rutinar. 

Protokoll frå regionstyret vert lagt ut for dei som er interesserte etter at alle medlem har godkjent protokollane. Dette vert gjort tilgjengeleg HER.

Regionstyret konstituerte seg denne kvelden med Sverrir Olafsson som styreleiar og Svein Ove Starheimsæter som nestleiar.