Håvard Frafjord

Ny ungleiar i Midt-Norge

Håvard Frafjord frå Hommersåk i Rogaland går frå hausten inn i stillinga som ungleiar i Midt-Norge.

Håvard har dei siste tre åra studert naturforvaltning i Steinkjer. Og har før det vore både i Balestrand, Tromsø, Lakselv og Verdalen.

Han fortel at hovudmotivasjonen for å arbeide med barn og unge er at Jesus har kalla oss til å elske vår neste.

Kjent med Jesus

Barne- og ungdomsarbeid gjev unge moglegheit å verte kjent med Jesus og å verte bevara i trua. I tillegg får ofte arbeid med barn og unge stor betydning sosialt, dei får vener og møter leiarar som bryr seg om dei, meiner han og held fram:

   - Eit døme på dette var ei som fortalte at det å komme på leir var for ho å kome bort frå mobbarane, og til en plass der det var greitt å væra kristen. Eg opplever dette som givande å væra med på, og trivst veldig godt med barn og ungdom. Difor gler eg meg til å begynne som ungleiar. Det verker som ei spanande og utfordrande stilling, og eg ser fram til å bidra på ein annan måte enn kva eg har gjort tidlegare.

- Eg gler meg

Håvard fortel om ulike erfaringar frå både leir- og lagsarbeid med stor variasjon i både antal deltakarar, aldrar og om deltakarane stort sett er kristne eller ikkje. Han fortel om både barnelag, tweensgruppe, ungdomsklubb, leir og studentlag.

   - Eg gler meg til å bruke desse erfaringane i arbeidet, seier han. 

Bibelvers og bøneemne

Håvard har eit favorittbibelvers og eit bøneemne han vil dele:

«Og nå, så sier Herren, som skapte deg, Jakob, som dannet deg, Israel: Frykt ikke! Jeg har gjenløst deg, kalt deg ved navn, du er min.» - Jes 43:1 

   - Eg er relativt fersk i regionen, og den er langstrakt, så be gjerne om at eg får oversikt over arbeidet og behova, og at eg får kontakt med misjonsfolket i regionen.