Mann på markedet

Ikkje akkurat mors beste barn

Av og til kan me få ein test på om me lever det me lærer, om me følgjer Jesu eksempel.

Førre veke kom Leif, mannen min, heim og fortalde om eit par litt ubehagelege opplevingar. Begge dreidde seg om den same mannen. På vår lokale matbutikk hadde ein mann, sjuskete kledd og tydeleg påverka av alkohol, spurt om å få pengar til å kjøpe røyk. Leif sa nei. Då prøvde mannen å stele ei sigarettpakke i staden for. Det blei oppdaga av butikkeigarane, og han blei kasta ut av butikken med mykje kjeft.

Litt seinare på dagen trådde den same mannen opp i aktivitetsparken til Misjonssambandet Mongolia. Her er det fullt av born og unge, og å vera rusa er sjølvsagt forbode. Dei tilsette tok han fint imot og prata litt med han, men etter kvart måtte han ut av parken. Han motsa seg dette, og Leif og ein kollega måtte fysisk føre han bestemt ut av parken. Etter å ha gjort litt motstand og etter gjentakande beskjedar om å halde seg vekke frå parken, gjekk han endeleg bort.

 

Utfordringar med alkohol

Alkohol, gjerne i form av sprit, finst til ein billig penge i alle dei små butikkane du finn på omtrent kvart gatehjørne. Og dessverre er det vanleg å ha problem med alkohol her. Særleg menn, som ofte er arbeidsledige og med dette mistar både inntekt, noko produktivt å gjere og truleg også sjølvbiletet sitt. Det er derimot ikkje alltid så synleg. Alkoholproblema er eit større problem i heimane enn i bybiletet.

 

Eit overraskande besøk

Tilbake til denne mannen. Møta med han var som sagt noko ubehagelege. Derfor var det både med overrasking og blanda følelsar at Leif gjenkjende mannen sundagen etter der han sat på møtet i vår lokale kyrkje. Leif kviskra til meg kven dette var. Me var einige om at det var flott at han var der, og at me måtte be for han under gudstenesta.

Det var ein av våre norske kollegaer som hadde møtt han tidlegare på morgonen. Mannen hadde spurt kor kyrkja var, og misjonssamband-utsendingane tilbydde skyss til Bayriin-Medee, «vår» kyrkje her i Khovd. Dei prata også litt mongolsk med han, til hans overrasking.

Eg var spent på menigheita sin reaksjon. Korleis ville han bli tatt imot? Kvar gong det dukkar opp ein ny på eit møte, får dei ein velkomstsong der alle står i ring og syng med opne hender retta mot personen. Ville denne mannen, som ein lett kunne sjå at ikkje var «mors beste barn», få den same velkomsten som andre?

 

Ein klump i halsen

Ja, det gjorde han! Møteleiaren spurde, som dei brukar, om kven han var. Etterpå reiste alle seg opp og song for han. Etter møtet gjekk pastoren bort til han, la ei hand på skuldra hans og slo av ein liten prat. Av og til kan me få ein test på om me lever det me lærer, om me følgjer Jesu eksempel. Det synest eg at menigheita gjorde denne sundag føremiddagen.  

Og korleis var mannen sin reaksjon under gudstenesta? Kanskje var han ikkje heilt edru, men han var roleg under møtet og skapte ingen problem. Han reiste seg med oss andre under songane, men under tala såg det ut til at han halvsov ein del. Då me song velkomstsongen, synest eg derimot det verka som han blei berørt, og den skitne lua som hadde vore på under heile møtet, tok han andektig av seg.

Sjølv fekk eg ein liten klump i halsen. Både av å sjå at menigheita tok imot denne mannen med same song som for eksempel finkledde besøkande frå hovudstaden, og av å sjå at mannen blei berørt.

Me har ikkje sett mannen etterpå. Ver gjerne med å be for han, at det blei sådd eit frø som kan vekse og gro fram til eit møte med Jesus!

Kjersti Ofte Leland

Utsending