17. mai feiring i Arequipa

Den nye normalen

Det er no ti veker sidan det blei erklært unntakstilstand i Peru. Det var i byrjinga uvant å berre skulle sitte inne. Travle kvardagar med mykje i kontakt med menneske og mykje farting rundt blei til at me berre skulle sitte inne.

Strengt portforbod

Her har unntakstilstand betydd at det nærast er ulovleg å gå ut av huset. Det har vore politi og militær i gatene og me har hatt portforbod. Det har ikkje vore lov til å gjere anna enn å gå på butikken eller på sjukehuset dersom ein må det. Å treffe vener og bekjente har vore strengt ulovleg og det meste har vore stengt ned. Munnbind og køar på hundrevis av menneske for å kome inn på butikken har blitt kvardagskost.

 

Kan ein snart få sykla ein tur?

Så no etter ti veker var me spente, skulle presidenten lette opp på tiltaka? Skulle det no bli mogleg å sykle eller jogge ein tur? Kanskje berre gå rundt parken? Kanskje treffe nokon så lenge det var litt avstand og munnbind? Kanskje berre få gå på kontoret ein tur? Dette skjedde sjølvsagt ikkje og presidenten annonserte fredag (22.05.20) at me skal sitte inne i fem veker til. Det vil difor vere unntakstilstand i landet fram til 30.juni.

 

Situasjonen i Peru er alvorleg

Det er no rundt 120.000 smitta i Peru og det blir berre meir og meir smitte. Kvardagen inne blir òg berre meir og meir normal. Me skulle sjølvsagt ønske at me fekk litt meir fridom, fekk lov til å gå litt meir ut. Men dette har blitt den nye normalen for oss, me er inne og gjer det me kan for å gjere det beste ut av det. Og så har me nok lært oss i enno større grad å sette pris på det me har og sette pris på dei små tinga i kvardagen. Me har ein jobb, me har mat på bordet og me har eit hus å bu i. Me set i enno større grad pris på å snakke med nokon som står på eit anna tak eller utveksle eit par ord med dama på butikken. Og så er me takksame for å få lov til å stå saman med våre kristne brødre og søstre i Peru og Bolivia i dette.

 

Me er no fem misjonærar som er i Sør-Amerika. Preben Solvang i Cochabamba, Bolivia, Alice Krogsæter-Aragon i Tacna, Peru, Ingebjørg Martinussen i Arequipa, Peru og Svein Harald og Marianne Lindtjørn i Arequipa, Peru. Situasjonen er krevjande for landa og mange har ikkje lenger ein jobb å gå til og det er ikkje mogleg og vil ikkje vere mogleg på lenge å møtast. Ver gjerne med i bøn for oss som er her ute, for landa og for våre kristne brødre og søstre.

 

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant