penger

Takk for gåver i 2023

Det er med stor takksemd vi ser over talla som viser inntektene for 2023

Vi var femti tusen frå å nå 11 millionar kroner i inntekter. Dette er ei god auke frå fjoråret, då vi landa på 10,76 millionar, men likevel bort i mot to hundre og femti tusen frå budsjettet.

Auke på fleire frontar

Det er kjekt å observere at gåvetalla ikkje berre aukar på eit felt, men på mange områder ser vi noko auke. Julemessene som i fjor kom på 782.000,- auka med vel 250.000,- og landa på 941.000,-. Å sjå at vi fortsett å auke etter pandemien gler oss. Særleg spent var vi på fast givarteneste, då denne for første gong på lenge gjekk litt tilbake i 2022. Her ser vi at vi har auka med ikkje mindre enn 306.000,- og talla for januar og februar no i 2024 viser oss ei videre auke her.  Vestborgrussen gjorde også ein storarta innsats og hadde ei kraftig auke i misjonsprosjektet deira.

Heilt nødvendig

Samtidig som vi gler oss over den auka vi opplevde i 2023, og at vi ser ei positiv trend på gåveinntektene, er vi og klar over at dette er ei heilt nødvendig auke. Som misjonsorganisasjon har vi et mål om å kunne bety noko både her i Møre og Romsdal og ut over til andre nasjonar og tene dei med både diakoni og bodskap. Budsjettet vårt var på 11,2 millionar. Med dette budsjettet skulle vi dekke utgiftene våre og i tillegg overføre 1,5 millionar til hovudkassa. Diverre har vi hatt både vakante stillingar som ikkje er besett og sjukemeldingar i året som var. Dette gjer at vi har hatt lågare kostnadar og har gitt oss høve til å overføre bort imot 3,2 millionar i 2023. Vi er glade for å kunne overføre meir enn budsjettert, men trur det er meir berekraftig å tilsette folk i viktige stillingar som kan tene folk her i Møre og Romsdal.

Gjenbruk med massivt bidrag

Gåveinntekter der dei enkelte av oss bidreg direkte frå eige lommebok og hjarte, er godt både for eigarskap og for hjartet vårt. Det er Jesus som har lært oss å gi til dei som treng, og det er godt for oss å følgje hans bod. I tillegg til våre gåveinntekter er vi stolte av ein stor gjeng med frivillige som driv et formidabelt arbeid med gjenbruksbutikkane våre. I 2023 ser det ut til å bli overført over 5,5 millionar frå butikkane i vår region. 1,6 millionar meir enn i fjor. Tusen takk skal de ha for timar de legg ned i dette arbeidet!

Så ser vi framover og i budsjettet for 2024 har vi sett oss føre å øke til 11,4 millioner i gåveinntekter. Dette er fire hundre tusen meir enn vi klarte i 2023. Dette er ikkje ein dristig satsing, men på grunn av auke i utgifter må vi auke såpass om vi skal halde aktivitetsnivået vårt, og vårt mål er ikkje å halde stand, men å stadig nå nye i Møre og Romsdal med Jesus og få bety noko ut over vårt eige område.

diagram - økonomi
Steffen Stensland