Vannballonger

1.-4. klasseleir - Skilbrei

Velkommen til sommarleir på Skilbrei

Ein leir om sommaren består av møte, aktivitetar, leik og mykje moro.

Det blir ute- og inneaktivitetar alt etter veret.

På leir høyrer vi spennande fortellinger fra Bibelen, vi håpar du får nye leirvenner, kiosken blir åpen og vi skal ha kosekveld med underholdning.

Vi er ein gjeng med ledere som gler oss til å treffe akkurat deg!

Ta med:

Toalettsaker, pysj, laken, putetrekk og sovepose eller dynetrekk, Bibel, passande kle og sko til ulike vertyper, innesko og masse godt humør!

Du kan også ta med pengar til kiosk, maks kr. 100,-.

Det vil vere mulighet til å gje ei gåve til Ung Global (tidlegare Barnas Misjonsprosjekt).

Ta ikkje med:

Energidrikk, eksterne høgtalarar, PC og andre liknande verdisaker. Vi anbefaler at barna ikkje tek med mobiltelefon, då vi har opplevd misbruk og tjuveri av desse ved tidligare anledningar.

Vi ynskjer at leirane våre skal vere inkluderande, sosiale samlingar der vi ser kvarandre og brukar tid saman. Difor frarår vi bruk av mobil på våre leirar. Deltakarane kan kontaktast ved å ringe leirsjefen. Barna får sjølvsagt ringe heim om dei ynskjer det.

Pris kr 850,-

- Leirklubbrabatt: kr 100,-. Medlemskap i leirklubben: kr 100,- pr kalenderår.
- Prisen vil stige med kr 100,- frå og med sju dagar før leiren startar.

Har du spørsmål om leiren, ta kontakt med regionkontoret, tlf. 5590 4800, e-post: vest@nlm.no

Tidspunkt

Fredag 14. - søndag 16. juni 2024

Adresse

6975 Skilbrei