Barn trekker i tau

4.-7. klasseleir

Hei! Vi vil gjerne invitere deg og dine vener på leir!

Velkommen på leir!

På leir får du opplevingsrike dagar fylt med mykje gøy. Vi har alltid med mange erfarne leiarar som gjer sitt beste for at deltakarane skal ha det bra. Kvar leir får eit eige preg, men noko er felles: - Spennande bibelundervisning tilpassa aldersgruppa – God og variert mat – Kjekke aktivitetar både ute og inne.

Ta med:

Toalettsaker, pysj, laken, putetrekk og sovepose eller dynetrekk, Bibel, passande kle og sko til ulike vertypar, innesko og masse godt humør!

Du kan også ta med pengar til kiosk, det vil stå eit maks-beløp i deltakarbrevet du får kort tid før leiren.

Det vil vere mulighet til å gje ei gåve til Ung Global (tidlegare Barnas Misjonsprosjekt).

Ta ikkje med:

Energidrikk, eksterne høgtalarar, PC og andre liknande verdisaker. Vi anbefaler at barna heller ikkje tek med mobiltelefon, då vi har opplevd misbruk og tjuveri av desse ved tidlegare anledningar.

Vi ynskjer at leirane våre skal vere inkluderande, sosiale samlingar der vi ser kvarandre og bruker tid saman. Difor frarår vi bruk av mobil på våre leirar. Deltakarane kan kontaktast ved å ringe leirsjefen. Barna får sjølvsagt ringe heim om dei ynskjer det.

Pris: Kr. 950,-

Leirklubbrabatt: kr 100,-. Medlemskap i leirklubben: kr 100,- pr kalenderår.

Prisen vil stige med kr 100,- frå og med sju dagar før oppstart av leiren

Har du spørsmål om leiren, ta kontakt med regionkontoret, tlf. 5590 4800, e-post: vest@nlm.no

 

Tidspunkt

Fredag 31. mai - søndag 2. juni 2024

Adresse

6975 Skilbrei