Tenåringsjenter ler

TABU - Skilbrei

Velkommen til TABU! TABU er både eit lag og ein leir. Du kan vera med på leiren utan å vera med i laget. Det er tre TABU-samlingar i år - 24.-26. mai, 16.-18. august og 22.-24. november

Tabu, ungdomsleiren der Jesus står i sentrum! Vi vil invitere deg til ei helg fylt med spennande bibeltimar, lovsang, godt kristent fellesskap og ein haug med gøye aktivitetar.

Vi vil at Tabu skal vere ein arena der du skal få bli betre kjent med Jesus, og utruste deg til å ta han med vidare i kvardagen. Bli med oss på Tabu, der tru, fellesskap og moro går hand i hand og skaper uforgløymelege minne og varige vennskap. 

Det blir GOD stemning, kjekke folk, gøye aktivitetar, digg mat og spennande undervisning. TABU er leiren for alle tenåringar, inviter gjerne med deg ein venn.

Pakkeliste:
Toalettsaker, pysj, laken, putetrekk og sovepose eller dynetrekk, Bibel, passande kle og sko til ulike typar vêr, badetøy, innesko og masse godt humør! Det blir åpen kiosk og muligheit til å gje ei gåve til Ung:Global.

Pris for medlemmer: kr 800 (+ kr 50 i medlemskontingent)
       for ikkje-medlemmer: kr 900

Medlemsskap har ingen forpliktingar, utan at ein får rabatt på leiren. Men det gjer at vi kan søkja offentleg tilskot, som vi kan bruka på å gjera TABU betre.

I påmeldinga spør vi om allergiar og om det er spesielle utfordringar eller særlege behov for hjelp/tilrettelegging. Dette er verdifull informasjon for oss, slik at vi kan legge best muleg til rette for deg!

Har du spørsmål om leiren, ta kontakt med regionkontoret, tlf. 55904800, e-post: vest@nlm.no

Tidspunkt

Fredag 24. - søndag 26. mai 2024

Adresse

Skilbrei Ungdomssenter