Omvisning i kylling-rommet

Agronomen som ikkje fekk jobb

Då Rebekka ikkje fekk seg arbeid etter fullført utdanning, brukte ho kunnskapen til å skaffe seg eige arbeid. No kan ho gje fleire av naboane i Pokot ei sikker inntekt og betre levevilkår.

Rebekka er utdanna agronom og bur i Chesta, ein landsby i Pokot-området i Kenya. Her bur ho ilag med mann og 4 barn.

Rebekka tok utdanning som agronom og håpa å få jobb i staten. Ein jobb som ville gje ei sikker inntekt, så ho ikkje er avhengig av å få regn for å overleve.

Rebekka venta ei stund på jobb etter at ho var ferdig utdanna, men ingen jobb dukka opp. I staden for blei ho eit eksempel på kva som er mogleg når ein nyttar tankegongen som undervisast gjennom Use Your Talents.

 

Nytta kunnskapen ho hadde

Mannen til Rebekka støtta henne og lånte henne pengar, slik at ho kunne starte opp sitt eige føretak. At ein mann støtter kona si og låner henne pengar, er langt ifrå ein sjølvfølge i denne kulturen. Her har kvinna ansvar for at maten kjem på bordet, og at barna har det dei treng. Mennene er ofte lite delaktige.

Å høyre Rebekka fortelje at ektemannen støtta henne, stolt i stemmen over kva ho har oppnådd med hjelpa frå han, var flott. Og stolt har ho grunn til å vere.

Ho starta med nokre kyllingar. Ho hadde kunnskapen frå utdanninga si. Ho veit at det er viktig å vaksinere og medisinere kyllingane riktig i starten av livet deira, slik at dei ikkje døyr av sjukdomar, som så mange kyllingar gjer i dette området. På denne måten kan naboar og andre i lokalsamfunnet kjøpe sunne kyllingar frå Rebekka.

 

Nøysemd gjev vekst

Rebekka er nøysam med pengane ho tener. Ho gjev alltid ein sum til kyrkja, så sparer ho litt, og så investerer ho i nye prosjekt som kan gje ho meir inntekt, som fleire kyllingar, geiter, kyr, tre som ho podar og kan selje.

Innsatsen til Rebekka har ført til at ho no har eit lite meieri, ein god del dyr og grønsaker. For å rekke over alt har ho 3 tilsette i jobb. Ho begynte med ein liten sum pengar frå mannen, og så har ho jobba seg opp, slik at ho kan ta vare på mann og barn og sende barna på skulen.

Rebekka begynte i det små, med å bruke det ho hadde, kunnskap om å ale kyllingar. Dette har kome henne, familien hennar, naboar og lokalsamfunnet til gode.

 

Biletet øvst i saken: Frå omvising hos Rebekka, ho syner fram rommet der ho aler opp kyllingar. Frå venstre: Maite Celeti (UYT-koordinator i Misjonssambandet), Edwin Yotomuk (pådrivar for UYT i Pokot), Rebekka og Mercy (medlem av kyrkja i Chesta).

Anna Mathilde Lindefjell Dyrøy

Utsending