Gutter som spiller fotball på en sandbane

Mykje meir enn fotballtrening

Like før solefall, når sola steiker mindre og lekser og plikter er unnagjort, møtes 24–30 gutar i 10–13-årsalderen på NLM si nye fotballbane.

 Youssouf driv klubben, han har kjøpt inn vestar, gule og grøne. Kjegler og fotballar. Gutane trener på pasningar og dribling. Dei ser  videosnuttar om fotball, lasta ned frå internett.  Og så spelar dei fotball. 

I lagerbygget ved sidan av bana står ei svart  tavle. Her kan ein lese reglane som borna sjølve har bestemt for klubben: Ingen krangling. Ikkje fornærme kvarandre. Respekt. Disiplin. Respektere tidspunkt for oppstart. Være gode med kvarandre. Ikkje gjere narr. Hjelpe kvarandre.

Tilgjeving på ein fotballbane

I samlingsstunda, under stråtakhangaren før sjølve treninga, kan  reglane repeterast. Det er her Youssouf pratar med gutane om ulike tema. Tilgjeving til dømes. Korleis praktisere det på fotballbana? Kjærleik. Historia om den  barmhjertige samaritan. Historia om den bortkome son. Alle bidrar med innspel og idear. Youssouf kallar det for leksjonar for livet.

Det som er oppmuntrande, fortel Youssouf, er at borna tek til å praktisere reglane og det dei har lært. Det er slutt på fornærmingar på bana. Om nokon ikkje får til ei øving, prøver dei andre å hjelpe i staden for å gjere narr. Om nokon misfer seg, ber dei om orsak. – Målet mitt, held  Youssouf fram, er at det skal skje forandringar i livet til borna.

Artikkelen er hentet fra NLMs prosjektkatalog 2020. 

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Utsending