Eldre mann og gutt går mellom jordhytter i landsby

– Det er hardt å kjenne to religionar

– Passar det å halde fram Al Massira i morgon, spør eg gjerne dei fem eldre mennene som pleier samlast på terrassen min på føremiddagar. Al Massira er arabisk og betyr reisa, underforstått i lag med andre. Vandre med vener. Med dei gamle profetane. F

Henta frå Prosjektkatalogen 2023.

Al Massira, ei oppdagingsreise, er filmbasert. Målet er å forstå den sanne og levande Gud og respondere. Ei gruppe vener i Midtausten utvikla reisa. For å skape eit ope rom der idear kan delast ærleg og fritt, med gode diskusjonar, og der spørsmål kan stillast. Gjerne i eit rom av vener. Der ein er trygg til å seie det ein tenkjer.

Slik gjer dei det, dei fem eldre mennene som samlast på terrassen min. Alle muslimar. Dei vil gjerne oppdage kva Gud har openberra for profetane. Om Messias.

– Det er hardt å kjenne to religionar, sa ein etter å ha vore over eit år på reisa.

– Dei har det lettare dei som berre kjenner til kristendommen eller islam.

– Om ein vert kristen, spurde ein, – må ein fortelje det til andre? Kva om lampen på bordet i huset gjer vondt i auga til familien (dvs. om eg vert kristen)? Observasjonar og spørsmål som vitnar om at reisa gjer noko med dei som er med.

  

Al Massira spreier seg i Mali

– Kor gjerne eg skulle gjort denne reisa med venninnene mine i landsbyen, sukkar eg for meg sjølv. Eller med mennene som drikk te og drøser hjå mekanikaren. Dei som er interesserte, men som ikkje kan nok fransk til å henge med. For filmane er på fransk. Og mange andre språk. Men ikkje på lokalspråket i Mali.

Eg spurde ein som stod på stand for Al Massira Internasjonalt på ein misjonskonferanse. – Er det ein sjanse for at Al Massira-filmane kan omsetjast og dubbast til bambara, eit av dei store språka i Mali? Det er lov å spørje. 

Lite visste eg då at ballen skulle kome i retur. Eg vert sett i kontakt med Al Massira-folk i mange land, og i november 2021 kjem to tyske damer til Mali for å halde kurs om korleis ein kan leie Al Massira-grupper. Kring 40 deltakarar frå mange ulike kyrkjesamfunn kjem.

Fleire Al Massira-grupper vert i ettertid danna. Nokre med muslimar. Nokre i familien til nokre av dei som tok kurset. Ei med kinesarar.

Gjeter med kyr
Leif Thomas Gjerde

Opplæring online

Fem av deltakarane frå kurset får opplæring online frå Malcolm i England. Om prinsipp for omsetjing. Nokre av dei har erfaring med omsetjing av Bibelen, tre av dei har teologisk utdanning.

Omsetjinga av fyrste film, den om Adam og Eva, tek til. Omstendeleg prosess. To omset, ein reviderer, ein samanliknar bambara-teksten med den engelske omsetjinga. Så felles gjennomlesing, setning for setning, diskusjonar. Eit lite skråblikk på talstavingar, slik at dubbinga ikkje vert for komplisert. To år etter misjonskonferansen er endeleg fyrste manus klart for dubbing. Tolv andre står att.

  

På startstreken for dubbing

– Korleis skal arbeidet med dubbing av film leggast opp? Dette er nytt for meg, og eg kjenner det i magen. Gud er god. Han held fram med å leie slik han har gjort heilt frå starten. – Campus for Christ skal snart dubbe to filmar, fortel ein av omsetjarane då punktum er sett for fyrste manus. – Der må du reise for å lære, seier han til meg!

I skrivande stund er dubbing framtid. Snarleg framtid, vonar eg.

  

Kursing for nye leiarar

Vi snakka om det i den nasjonale komiteen for promotering av Al Massira i Mali, – komiteen vart danna under kurset med dei tyske damene, – at vi skulle fått kursa nokon i Mali til å ha kurs for nye Al Massira-gruppeleiarar. Då kan arbeidet skyte knoppar utan at vi treng nokon frå utlandet til å kome for å lære opp nye. Når filmane føreligg på bambara, er det mange fleire som kan bruke dette verktøyet for å dele Messias-vegen med naboar og vener. Dei må få opplæring.

Afrika-koordinator for Al Massira, Obi i Nigeria, tek kontakt. – Kan de sende nokon frå Mali som kan trenast til å halde kurs for Al Massira-gruppeleiarar? I Sierra Leone. Halleluja.

No er vi tre som er klare til å dra.

 

Gud gjev vekst

Meiningsfulle reiser har starta. I Al Massira-samtalegruppene. For sjølve Al Massira-verktøyet. Utvikling og utbreiing.

Ver med i bøn for filmane, at dei vert omsett på ein god måte, at Gud leier oss til dei han ser er gode stemmer for filmen, og at han sjølv gjev vekst for dei som vandrar med på reisa.

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Utsending