Sushi i Japan

Gjensyn og nye vennskap over landegrenser

6.–12. august var ungdommar frå dei lutherske kyrkjene på Taiwan og i Hongkong ilag med representantar frå Finland og Norge inviterte med på leir i Japan. Dei japanske ungdommane hadde i lengre tid øvd på engelsk og førebudd leiren godt.

Y-CELCEA står for «Youth Consultation of Evangelical Lutheran Churches in East Asia» (ungdomskonsultasjon for evangelisk-lutherske kyrkjer i Aust-Asia). Samarbeidet starta for ni år sidan, då ungdommar frå samarbeidskyrkjene på Taiwan og Hongkong deltok på VJELK sitt sommarstemne.

Tre år seinare, i august 2012, fekk eg vere med til Taiwan ilag med ei gruppe unge japanarar. I 2015 var Hongkong vertskap, og i 2018 var det blitt Japan sin tur å arrangere.

Medrekna leiarar og kjøkkenpersonale var vi om lag 80 personar samla, med bortimot halvparten av deltakarane frå utlandet. Ved å legge dei første dagane til bibelskulen og Aotani kyrkje og deretter flytte til Hiruzen Bible Camp, fekk gjestane oppleve både livet i storbyen og naturen i fjellbygda.

«Send meg»

Tema for leiren var «Send meg», med utgangspunkt i Guds kall til den unge Jeremia.

Då sa Herren til meg:

«Du skal ikkje seia: Eg er ung!
Overalt der eg sender deg, skal du gå,
og alt eg byd deg, skal du seia.          
Ver ikkje redd dei,
eg er med deg og skal berga deg,
seier Herren.»

Jer. 1, 7-8

Forkynninga var på engelsk, men dei japanske deltakarane kunne samtidig følgje med på eit japansk manuskript som dei fekk utdelt. To pastorar, ein nyutdanna evangelist og ein seminarstudent hadde kvar sin bibeltime over følgjande tema: «Kall meg», «Kjenn meg», «Følg meg» og «Send meg».

Sommarstemne

Leiren vart avslutta med at ungdommane var med på VJELK sitt sommarstemne 11. august. Ein pastor frå Taiwan og ein frå Hongkong var talarar på stemnet, og ungdommar deltok med vitnemål, alle med tolk.

Etter stemnet vart deltakarane frå Hongkong, Taiwan, Finland og Norge med kyrkjemedlemmer heim, og søndag var dei med på gudsteneste og fellesskap i dei lokale kyrkjene.

Takksame deltakarar

På avslutningsmøtet fredag kveld delte ungdommane korleis dei hadde opplevd å vere med på leiren. Ng Ka Yan hadde ordet på vegne av Hongkong-gruppa:

«Dette er andre gongen eg er med på denne leiren. For tre år sidan var leiren i Hongkong, men då var det så mange derifrå at eg rakk ikkje å snakke med så mange frå andre land. Derfor såg eg i år fram til å treffe unge kristne frå Japan, Taiwan, Finland og Norge og til å oppleve ulik kyrkjekultur i forskjellige land. Eg hadde ikkje forventa å treffe att venner frå tidlegare leirar, for eg tenkte at dei fleste er i jobb no, og det er vanskeleg å ta fri frå jobben så lenge. Så eg vart verkeleg overraska over å sjå så mange «gamle» ansikt her!

Eg tenkte også at språk ville bli eit problem, men då leiren starta, såg eg at det ikkje var noko problem. Alle hadde førebudd seg godt ved å øve på engelsk, lære seg japansk og ved å ta med gåver til nye venner.

Eg er veldig glad for vertskapet som har planlagt alt så godt for oss. Takka går også til Gud som gav meg sjansen til å vere her, så eg kunne bli oppmuntra.

Alle vi frå Hongkong vil gjerne takke vårt kjære japanske vertskap for å ha organisert alt og for å ha tatt så godt imot oss.

Eg ser fram til å sjå dykk alle på neste leir på Taiwan!»

NLM ung var representert ved Kjersti Haugen, Marte Bondevik, Anders Primstad og Ørjan Byberg. Nokre dagar etter leiren fekk eg ei fellesmelding og nokre bilete frå dei, som også får siste ordet her:

«Vi koste oss veldig på Y-CELCEA. Møtene var veldig bra, og vi merket at lederne her i Japan hadde gjort en veldig god jobb med forberedelsene til leiren. Det var lærerikt å lese i Bibelen og diskutere sammen med ungdommer fra andre deler av verden. Mennesker i ulike kulturer forstår ting forskjellig og legger merke til ulike ting i tekstene, som vi kan få peke på for hverandre.

Det var oppbyggende å møte folk med så ulik bakgrunn og liv, men likevel kjenne på et så fint fellesskap. Vi kan søke og lovprise Gud sammen og ha samme mål.

Balansen mellom møter, aktiviteter og fritid var veldig god. Vi fikk sett mye av Kobe, og fikk også tid til å slappe av. Japanere er veldig opptatt av god mat, og det var veldig spennende å få smake på det som ble satt fram ved måltidene. Japan er absolutt et land vi gjerne kan reise tilbake til!»

 

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending