Japan

Vidaregåande skule med Japanprosjekt

Ein lærar og to elevar frå Kristen Vidergående Skole Haugalandet (KVH) var på besøk i Japan 20. -26. november. Skulen har Japan som misjonsprosjekt dette året.

Skulen er ganske ny og har foreløpig berre 28 elevar, men likevel satsar dei på å samle inn pengar til misjonsarbeid i Japan! Dei heldige som fekk reise og bli kjent med arbeidet, var Caroline Clausen og Frida Jacobsen, ilag med lærar Marianne Håvik.

 

Variert program

Besøk i Aobaen barnehage i Kobe og plukking av mandarinar i Ako var noko av det dei fekk vere med på i løpet av den korte veka. Direkte frå Ako gjekk turen vidare til Hiruzen Bible Camp. Stedlig representant Bård Hauge var med som sjåfør. Ifrå Hiruzen gjekk turen vidare til Matsue, der dei var med på Bible Club.
Sidan denne fredagen var offentleg fridag, starta vi med lunsj før bibelstudiet. Dei norske ungdommane var engasjerte på kvar si gruppe og såg ut til å få god kontakt.

 

Hjartejord

Under bibelstudiet jobba vi med likninga om dei fire slags hjartejord. Kvar gruppe fekk ansvar for å presentere eitt av jordsmonna. Også ikkje-kristne studentar tok aktivt del i gruppearbeidet.

Fleire grupper hadde veldig konkrete døme på kva som kan fylle hjartet vårt og ta plassen for Guds ord. Siste gruppa hadde eit stort øyre, der såkornet går inn, og kjem ut igjen som fulle aks, som igjen gir frø, som blir sådd til nye, som tek imot. "Og det tek då aldri slutt!" var det ei som kommenterte.

I tillegg til nordmenn og japanarar var det ungdommar både frå Vietnam, Eritrea, Kamerun og Sør-Afrika denne dagen. Ein fin flokk! Du som ber, hugs på ungdommane som har byrja å lese og høyre Guds ord. Be om at det må falle i god jord!

 

- Ei oppleving!

Etter bibelstudiet skriv deltakarane nokre tankar i loggboka. Elevane frå KVH skriv om korleis dei opplevde å vere med:

«Dette har vore ei flott oppleving med så mange nasjonar samla. Det har vore veldig lærerikt å få høyre om så mange forskjellige liv.»

«Takk for moglegheita til å besøkje Bible Club! Det var verkeleg ei stor oppleving å studere Bibelen ilag med folk frå så mange forskjellige nasjonar, og eg ber om at dette må nå mange fleire med Guds ord.»

Etter at dei er komne heim og er godt i gong med juletentamen, skriv Marianne:
«Det var helt fantastisk å oppleve Japan! Så mye som lignet litt på Norge, samtidig som alt var veldig annerledes. Vi møtte så mange gjestfrie og nydelige mennesker, og ble veldig gode på å bruke tøfler!»

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending