Ungdommer Japan vingard

Eit siste møte

Det nærmar seg avslutning av perioden i Matsue. Det er mange eg har lyst å møte før eg reiser.

Siste søndagen i september var eg i Izumo kyrkje og hadde med meg desse fine jentene her. Etter gudstenesta hadde vi bestilt sjølvplukk & eting av druer på ein vingard ikkje langt frå kyrkja. Det var heilt på slutten av sesongen, så der var berre éin sort igjen, men vi hadde meir enn nok å ete av i løpet av timen vi hadde betalt for.

Godt å sjå kvarandre igjen

Det er kjekt å få ta med ungdommar til kyrkje. No har vi også byrja å samle ungdommane heime hos meg i mindre grupper, men bilete derifrå vil eg ikkje vise endå. Vi leiarane er blitt einige i at vi ikkje skal publisere bilete frå studentsamlingar på sosiale media i denne tida. Eg seier eg får vise dei når eg kjem til Norge.

Det har ikkje vore meldt om eit einaste koronasmitte-tilfelle i byen her sidan 25. august. Fleire var redde for at studentar ville ta med seg viruset når dei kom tilbake frå heile landet til nytt semester 1. oktober, men så langt er det ikkje meldt om nye tilfelle. Difor har vi våga å invitere til Bible Club nokre fredagar, men har sett eit øvre tak på 10 personar. 

Eg har også hatt Bible Club ein laurdag ettermiddag og ein søndag ettermiddag for dei som ikkje fekk plass eller kunne på fredagskvelden. Dette går an så lenge eg ikkje har for mange andre oppdrag i helga, og før eg byrjar å pakke. Innimellom har vi også Bible Club online, så dei som ikkje bur i Matsue, får moglegheit til å vere med, også.

I morgon har eg allereie ni på lista. Søndag har Caroline og David Thorsen i Yonago invitert på besøk. Vi kallar samlinga "internasjonalt fellesskap", og er eit alternativ til internasjonal gudsteneste online. Kanskje vi får ungdommane med i kyrkja neste gong.

Siste tur til Nima

No på søndag skal eg preike på gudsteneste i Nima. Det blir truleg mi siste helsing til den lille, trufaste kristenflokken i Nima. Eg har også invitert engelskklasse-elevane, og fleire har sagt dei vil kome. Vi har halde fram med engelsk bibelstudium på nettet, og vi får kanskje tid til nokre gonger til, men dette blir nok siste gong eg køyrer heile vegen til Nima. Eg reiser bortover laurdag ettermiddag og overnattar i kyrkja. Ei som ikkje kan kome på søndag, vil treffe meg på laurdag. Eg håper på fint vêr, så eg kan sjå den fine solnedgangen for siste gong.

Reisa for hovudstyret

Første halvår i 2021 skal eg «reise i misjonen», som det heiter, rundt i alle regionar av NLM. Det høyrest litt skummelt ut, for dette har eg ikkje gjort før. Men eg vil gjerne treffe misjonsfolket og dele litt av det eg har fått vere med på her i Japan som dykkar utsending.

Reiseruta er framleis på planleggingsstadiet, så der er mykje ledig. Difor oppmodar eg dykk til å ta kontakt med næraste regionkontor for å gjere avtale. Eg kan delta i alt ifrå foreining, forsamling, bedehusmøte, barnelag, institusjonsbesøk, kor, skule eller barnehage. Då eg reiste i Region Nordvest i 2016-17, vart eg også invitert til reine mannsforeiningar, og det var også kjekt! Det var kanskje eg sjølv som inviterte meg. Eg har også vore utsending frå Lærernes Misjonsforbund i mange år, så LMF-gruppene må også gjerne ta kontakt.

Veke 1-3     Region Nordvest

Veke 5-6     Region Nord

Veke 9        Region Nordvest

Veke 11-12 Region Midt-Norge

Veke 14-15 Region Vest

Veke 17      Region Sør

Veke 19-20 Region Øst

Veke 22      Region Sørvest

Veke 30      Region Midt-Norge (ledig 27.-28. juli)

 

Bøneemne:

  • Be om at eg må få gjort det eg skal til rett tid med pakking og flytting, samtidig som eg gjerne vil halde fram med gruppene så lenge som mogleg.
  • Be for alle som eg har fått lese Bibelen ilag med desse åra. Be om at dei må sjå at dei har bruk for Jesus i livet sitt.

Sjå fleire bilete her:

http://ingervalbo.blogspot.com/2020/10/sndagslunsj-i-vingarden.html

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending