Vårblomst

Gradvis tilbake til eit normalt liv?

No har eg vore så lenge heime at det nesten kjennest vanleg at eg ikkje skal i kyrkja på søndagen. Mon tru korleis det blir når vi no startar på vegen tilbake til det normale?

No har eg vore så lenge heime at det nesten kjennest vanleg at eg ikkje skal i kyrkja på søndagen, og at alle bibelstudie og samlingar skjer på nettet. Men kor lenge skal det gå før alt blir normalt igjen, skal tru? Studentane skal ha nettundervisning heilt fram til sommarferien, det vil seie ut juli. Det merkast allereie at dei kan bli trøytte av å sitje framfor datamaskinen ein heil skuledag, så dei ikkje orkar å vere med på Bible Club om kvelden. Likevel er det fleire som prioriterer det.

Vakre blomster langs elva

Kvar dag må eg ha meg ein tur ut langs elva, anten å gå eller jogge, eller berre ein rask sykkeltur. Ofte finn eg blomster å ta med heim. Biletet over tok eg 5. mai. Då hadde dei gule irisane nettopp byrja å blomstre, men i løpet av desse to vekene har eg fleire gonger tatt med meg heim. Der er mykje å ta av, så det merkast lite at eg plukkar med meg heim litt.

Eg har ikkje vore i Nima og hatt klasse sidan tidleg i mars, men 12. mai fekk eg endeleg dei fleste med på Zoom-klasse. Og dei vil gjerne ha engelskklasse kvar veke resten av mai. Vi les no om Paulus sitt liv, om korleis motstandaren vart omvendt og vart ein kristen misjonær.

Unntakstilstanden for heile landet vart utvida frå 6. mai til å gjelde ut mai månad, og skulane også her i Matsue har vore stengde. Nettundervisning er ganske ukjent i grunnskulen og på vidaregåande skular, så elevane får oppgåver tilsendt som dei skal jobbe med og levere når dei kjem tilbake på skulen att.
Eg har litt engelskundervisning med ei jente som går på vidaregåande, og forrige laurdag viste ho meg ein bunke ho nettopp hadde fått på døra.

Alle papira skal utfyllast i løpet av dei tre vekene med heimeskule, og minst 10 sider i kvar bok skal lesast. Eg tenkte stakkars lærarar som skal sjekke tre vekers arbeid! Det er 40 elevar i kvar klasse.

Unntakstilstanden oppheva!

Unntakstilstanden som skulle gjelde til 31. mai, vart for nokre dagar sidan oppheva for 39 av dei 47 fylka i landet sidan det ikkje har vore meldt nye smittetilfelle der på over ei veke. Så no er det kunngjort at skulane opnar igjen 25. mai. Det betyr kanskje at elevane slepp å gjere alle heimeoppgåvene.

Samarbeidskyrkja vår, Vest-Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje, har bestemt at kyrkjene skal halde stengt ut mai også i område der unntakstilstanden er oppheva. Det betyr at vi framleis skal halde oss mest mogleg heime. 24.mai skal eg preike i Izumo kyrkje, men eg skal gjere opptak heime, som søndag morgon blir lagt ut på YouTube og sendt ifrå kyrkja. Samme kveld skal eg ha direktesending med internasjonal gudsteneste på Facebook, så denne veka blir det mykje jobbing. Du som ber, hugs gjerne på meg.

Når eg skal starte med å ha samlingar heime hos meg igjen, veit eg ikkje enno. Eg håper eg etterkvart kan invitere mindre grupper. Enkelte vil ikkje bruke Zoom, og praten over tekoppen er også viktig. Og Bible Club-medlemmene saknar nok middagen.

Storsamling på nett

16. mai var eg forresten på storsamling! Det kristne studentlaget (KGK) bruker kvar vår i mai å arrangere velkomstsamling for nye studentar. Då reiser dei gjerne eit stykke over fylkesgrensene for å treffast, men det var ikkje mulig denne gongen. Dermed så vart det samling framfor skjermen. Og der fekk vi plass til ganske mange! Ifrå universitetet her i Matsue var fem studentar med, og to ifrå andre høgskular i byen var også med. Fleire av desse har ikkje truffe kvarandre ansikt til ansikt enno.

51 studentar, derav 16 førsteårsstudentar og 10 andre som ikkje har vore med i KGK før, det lovar bra for det nye skuleåret! Dette er studentar frå distriktet Chugoku og Shikoku i vest-Japan. I juni blir det arrangert "dagsleir" på samme måten som idag, og sommarleiren 18.-20. august blir også på nett. Det blir annleis, men kanskje også ei muligheit til å få med fleire enn dei som har tid og råd til å reise langt for å vere med på leir.

Sjå fleire bilete og les meir her:

http://ingervalbo.blogspot.com/2020/05/gradvis-tilbake-til-eit-normalt-liv.html

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending
Område