Mongolske kameler på steppene

Konferanse til alle døgnets tider

Nokre sat midt i Nord-Atlanteren, andre på dei mongolske steppene. Her er eit lite referat frå misjonærkonferansen i Mongolia 22. mars 2021.

I år som i fjor vart konferansen noko spesiell. Ingen av deltakarane på konferansen sat i same rom, og me var også spreidd over fleire land.

Deltakarane frå Færøyane måtte tidlegast opp, då konferansen byrja 08:00 der. I Mongolia, der det for tida er ein einsleg utsending att, byrja den ikkje før klokka 15:00. Så for hans del drog det ut på kvelden og vart ikkje avslutta før 23:00. Resten av oss var fordelt i ulike stover og heimekontor i Noreg og Danmark.

På grunn av litt tidsforseinkingar på internettet vart ikkje allsong prioritert til opningsandakta.

  

Når ikkje alle digitalt

Covid gjorde seg sjølvsagt gjeldande på fleire måtar under konferansen. Me kom inn langt under budsjett i 2020. Arbeidet til både «Strengthening Children with disabilities»-prosjektet (SCD) og samarbeidskyrkja vår har vorte lagt om. Ein del har vorte avlyst, noko har vorte gjennomført digitalt.

For samarbeidskyrkja vår har det fungert godt med digitale gudstenester, men det er ei bekymring at ein del av kyrkjegjengarane ikkje har moglegheit til å sjå på dei.

Leiaren for SCD, som var gjest på konferansen og presenterte arbeidet, sa litt det same. Dei hadde omstilt seg til å halde seminar og likande digitalt, men dei sakna å møte deltakarane for å få ei betre kjensle av kor vidt dei når fram eller ei.

 

Digitale gjestar

Av andre gjester til konferansen kom finansielle leiaren vår i Mongolia til delar av konferansen, det same gjorde leiaren for NLM utland. Regionleiaren vår var med på heile konferansen. Gjævt at dei tok seg tid til nok eit digitalmøte i denne digitalmøtas tid.

(Dei mongolske kamelane på biletet er berre illustrasjon. Dei var, skuffande nok, ikkje til stades.)

Neste år i Mongolia!

Jan Ingve Bernssen portrett

Jan Ingve Bernssen

Utsending