Åker i Mali

På ein peanøttåker i Mali

Det verker i beina. Det verker i ryggen. Eg har blemmer i hendene. Og eg er glad. Eg har nettopp kome heim frå nokre timar på ein peanøttåker.

I går ettermiddag gjorde eg noko eg har tenkt på lenge. Eg avtalte med ei dame å bli med på peanøttåkeren hennar for å jobba litt. Ho sa ho skulle gå tidleg. Det er ikkje alltid lett å forstå kva folk meiner. Ho skulle komma innom meg og henta meg på vegen. Eg var klar i sjutida. Tida gjekk. I halv ti tida kom ho. På vegen måtte me kryssa ei lita elv. Tok sandalane i handa og vassa til knes i behageleg kjøleg vatn, kjende straumen mot føtene og det knudrete fjellet me gjekk på. 

 

Sola skein frå nesten klar himmel. Nokre kvite, slørete skyer seila dovent forbi. Fuglane kvitra, insekta summa og jorda var fuktig og litt kjøleg mot dei bare føtene. Eg kjenner på at insekta ikkje berre gir eit bilete av idyll. Raude tusenbein med kvite striper… Er dei farlege? Stikker dei? Bit dei? Eg måtte spørja til slutt, det var så mange av dei. Nei, dei var ikkje farlege. Veps derimot dei stikker. Ho eg var med blei stukke. Eg blei ein yndling for bitte små svarte fluge som heiter «muntoni». Dei gir kløande stikk som for meg etter kvart fører til opphovning og smerte rundt stikket.

Plante Mali
Kjersti Gangstø

Me for på åkeren for å «ka bin bo». Å luke ugras. I tillegg hakka me opp jorda rundt peanøttplanten og la litt opphakka jord bort under plantene. Det er «eit langt lerret å bleika». Åkrane er store og mange. Mykje arbeid ligg bak og mykje arbeid er å venta i tida framover. Eg kjenner eg får berre meir og meir respekt for folket her, for damene og alt arbeidet dei har. Etter ei god stund spurte ho eg var med om eg hadde noko musikk på telefonen min. Eg forklarte at eg har nokre kristne songar på bambara og spurde om det var greitt å høyra på det. Så høyrde me på songar om Jesus, kven han er og har gjort for oss.

 

« Matigi Yesu ne bè i deli »: Herre Jesus eg ber til deg. Tenk så heldig eg er som kan få be til Jesus! Han er ikkje ein fjern Herre. Han er min Herre og bryr seg om akkurat meg, her eg sitter med slitne føter. Jesus, Sigers Herren, han som har all makt, han som elskar alle med ein uendeleg kjærleik!

Kjersti Gangstø

Misjonær