Landsby i Mali

Ein dag i landsbyen

Det er mange som spør meg korleis ein «vanleg dag» er for meg her i landsbyen. Eg sit og lurer på om «vanlege dagar» finst her.

Eg skal prøva å visa korleis ein dag her kan vera, og eg kan like godt beskriva gårsdagen. Eg stod opp ca 06.30. Etter ein morgonvask, er det kaffi i stova og ei «stille stund», og så starter arbeidsdagen kl 8.

 

Kor mykje får dei med seg?

Eg set meg i bilen og køyrer for å plukka opp ein eldre mann som er kristen saman med ein til. Saman reiser me til ein nabolandsby. Eg og Bergfrid Almelid byter på å reisa dit ein gong i veka. Me reiser dit for å besøka to menn og familiane deira, og dele Guds ord med dei.

Han eine, som er lam, har tatt imot Jesus. Han andre er ein eldre mann som er godt tunghørt. Me tar han ofte med oss til han lamme, og så kan me sitta saman og lytta på lydfiler, og gjerne sjå litt av «Jesusfilmen» også. Men i dag er han ikkje heima.

Me køyrer vidare gjennom landsbyen, og kjem til eit tun der dei mista mannen, «hovudet i familien», for nokre dagar sidan. Der stopper me, for å helsa på familien.

Etterpå køyrer me vidare til han som er lam. Me lyttar på ei lydfil frå «retferdighetens vei». Eg lurer på kva dei får med seg… Dei halvsøv alle tre. Me sitter inne. Det er varmt og nesten ikkje eit vindpust når inn til oss, og sveitten renn…

Etter at me har høyt ei lydfil, ser me slutten av «Jesusfilmen»: Påske. Ungane kjem også. Set seg på golvet. Tett i tett – ni i alt. Litt småkrangling og knufling.  Me avslutta med bøn og eg inviterte dei til påskefest 1. påskedag.

 

"Gud veit"

Eg var heima igjen ca 11. Hushjelpa mi driver og vaskar opp. Ho får lytte til lydfil. Ho «sluker» alt ho får høyra om Gud, om Jesus. Eg undrar meg: Har ho tatt i mot Jesus? Me har snakka om det, men ho frykter kva andre vil seia – særleg faren. Eg lurer, men som ho sjølv seier: «Gud veit».

Denne dagen blir det ein god pause midt på dagen, med litt mailskriving og telefonar. Det er 39,1 grader ute i skuggen. Lyden av ungar som leiker i vegen utanfor sig inn til meg, saman med drøs frå naboane. Ei og anna eselkjerre rullar forbi, ein sau ruslar brekande av gårde og nokre mopedar etterlet seg små skyer av støv.

Eg opnar både dører og vindu. Kvart eit lite vindpust er velkome. Eg vil ikkje tenkja på at det vil bli varmare denne månaden (april).  Eg prøver å samla tankane, finna konsentrasjon til å skriva ein andakt til påskefesten, og syns det går litt trått.

 

Prat med naboane

Kl 16 går eg ut. Sola er på hell og gradene kryper litt nedover. Eg går og helser på i eit tun det er lenge sidan eg har vore innom. Ho eg ville treffa er ikkje inne, men eg blir sittande å prata med andre. Før eg gjekk tenkte eg at eg skal berre nett innom å helsa, ikkje sitte så lenge. Men folk nøder.

Etter kvart kjem eg meg vidare. Eg møter på ei eg ikkje har helst på på lenge. Det blir til at eg sitter med ho ei stund også. Ungar kjem gåande forbi på vegen. På ryggen har dei ein liten ryggsekk eller liknande, under armen ei lita matte og i eine handa ei lita vannkanne. Dei kjem frå koranskulen og er på veg heim. Fleire av dei kjem på barneklubben eller søndagsmøta våre.

Vidare går turen min til «butikken på hjørnet, oppe ved asfaltvegen». Eg har eit ærend der og så vil eg helsa på han som har butikken. Han har nettopp fått ein liten gut. På veg heim blir eg vinka inn i enda eit tun. Eg drøser litt med damene der før eg går heim.

 

Jesusfilm med forklaring

Eg lager ein tidleg kvelds sidan eg skal ut igjen om kvelden. Ein eg møtte kvelden før sa at han ville enten høyre ei lydfil eller sjå «Jesusfilmen».  Han har høyrt mykje frå Bibelen. Eg tenkte eg måtte prøva å få det til.

Ca 19:20 går eg ut til han. Me ser dei siste 45 min av «Jesusfilmen». Eg må stoppa filmen mange gonger for å forklara forskjellig – om synd, om kvifor Jesus kom, at Han er den som tok synda vår på seg, at bøner og gode gjerningar kan ikkje fjerna synda frå hjartet vårt, at døden ikkje hadde makt over Jesus, om at Jesus gir alle som tar imot Han evig liv.

Landsbytun i kveldinga
Maten er snart klar:Slik ser det ut i eit landsbytun om kvelden Kjersti Gangstø

 

Fleire kveldsbesøk

Så går eg til to kristne damer og familiane deira. I det eine tunet er gjerne heile familien til stades når me høyrer me på lydfil. Og så ber me saman. Me sit ute. Stjernene blinker over oss og månen lyser stor og nesten heilt rund. Ein liten, brun skorpion dukka opp. Både eg og kona i huset insisterer på at den må tas. Til slutt tek mannen hennar den med to pinnar og bærer den vekk.

I det andre tunet ser me ofte deler av «Jesusfilmen» før me ber saman. I kveld tusler geitene rundt oss og ei dame koker mat. Ein som kjem tilfeldig innom og ser at me ser «Jesusfilmen» vil ha filmen på ein USB-nøkkel. Det får han.

Det har blitt ein lang dag og eg kjenner eg må ha ein Paracet og to, og litt meir mat før eg går til sengs, altfor seint for kveldstrøtte meg.

Kjersti Gangstø

Utsending