Malvin Ommedal gir tommel opp

Atter eit misjonærfellesskap!

Mykje av kvardagen her i Bolivia er lite egna som medrivande lesing. Men tenk, no vert vi igjen eit fellesskap av misjonærar her!

Då stadleg representant for Misjonssambandet i Sør-Amerika for lenge sidan laga ei bestillingsliste til dei forskjellige av oss om informasjonsarbeid for dei forskjellige vekene hausten 2021, var bestillinga følgjande: «Forhåpentligvis er Malvin i Bolivia og kan gi oss et spennende innblikk i hverdagen der».

Ja, eg er tilbake i Bolivia og er glad for det, men eg lurer på kva spennande eg har å fortelje frå kvardagen. Livet er neppe så veldig spennande alltid.

Her er ting å tenke på når det gjeld framtida vår saman med den nasjonale kyrkja, men det er ikkje alt vi legg ut om. Nyleg var stadleg representant og mannen på vitjing frå Peru, og vi hadde møter og rundtur til arbeidsfelta i Bolivia.

Her er også ein del administrative/formelle ting å rydde opp i frå gammalt av, når det gjeld både eigedomar og eignelutar, og før eller seinare må det jo gjerast. Vi skal ikkje vere her for alltid verken som organisasjon eller som enkeltmenneske.

Men det er i so fall ei spenning som ikkje er så veldig lystig – kva er problemet/utfordingane «rundt neste sving»? Ein lærer jo litt etter litt både når det gjeld terminologi og forståing av offentlege prosessar. Slikt må gjerast og andre ting ikkje vere ugjort, heller.

  

Noko spennande på gang likevel?

Noko positivt spennande er at om få dagar landar det nye misjonærekteparet Tone Marie og Kristoffer Ueland her i Bolivia saman med vesleguten sin Markus.

Sjølv om vi har treft kvarandre før, og eg også fekk vere med på misjonærinnviinga deira i sommar, så er det likevel spennande når ein skal få nye misjonærar inn i fellesskapet (ja, no vert det faktisk misjonærfellesskap på nytt i Bolivia igjen) og omgåast og samarbeide om arbeidet.

Dei har sidan august hatt spansk undervisning via nett med vår gode gamle språklærar her i Bolivia, medan dei har venta på å verte fullvaksinerte og reise ut. Men no skal dei bu i Cochabamba og fortsetje med spanskstudiar ansikt til ansikt med språklærarar til dei er «ferdigutdanna» i april neste år.

Så er plana at dei skal flytte til Tarija og starte opp arbeid der saman med ein pastor og familien hans. Eg seier berre: Hjarteleg velkomne og Guds signing i tenesta for vår Herre og medmenneske.

 

 

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending